Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova og forskrift til privatskolelova
I kraft fra: 2022-11-14
I
I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgjande endringar:
§ 1-1 første ledd andre punktum skal lyde:
Læreplanverket for Kunnskapsløftet omfattar den overordna delen av læreplanverket, læreplanane for faga og fag- og timefordelinga.
§ 1-2 andre punktum skal lyde:
Opplæringa skal tilpassast vaksne og skal vere eigna til å føre dei vaksne fram til vitnemål etter § 4-27 flg.
§ 1-3 første ledd skal lyde:
Elevar som får opplæring ved ein knutepunktskole etter opplæringslova § 3-9 andre ledd, har i teiknspråk, norsk og engelsk rett til opplæring i samsvar med læreplanane i norsk teiknspråk, norsk for hørselshemma og engelsk for hørselshemma. Elevar med rett til punktskriftopplæring med meir etter opplæringslova § 3-10 har rett til inntil 456 timar i tillegg til den ordinære timeramma i fag- og timefordelinga.
§ 1-11 tredje ledd skal lyde:
Når det gjeld fritak frå vurdering i skriftleg sidemål, sjå § 3-19 og § 4-13.
§ 1-12 andre punktum skal lyde:
Eleven må leggje fram ei fråsegn frå lege som dokumenterer at opplæringa er til skade for eleven, og at tilpassa opplæring ikkje er mogleg, jf. § 3-20.
§ 1-15 andre ledd andre punktum skal lyde:
For trekk til eksamen i grunnskolen gjeld § 3-26 tredje ledd.
§ 2-7 nytt andre ledd skal lyde:
Dei internasjonale undersøkingane må gjennomførast i tråd med retningslinjene for kvar enkelt undersøking.
Gjeldande andre ledd blir nytt tredje ledd.
Overskrifta til § 2-8 skal lyde:
§ 2-8 . Fritak frå nasjonale prøver og kartleggingsprøver
§ 2-8 første ledd første punktum skal lyde:
For elevar som får spesialundervisning etter kapittel 5 i opplæringslova, og der prøvene klart ikkje vil ha mykje å seie for opplæringa til eleven, kan skolen gjere vedtak om å frita eleven frå å delta i prøver og undersøkingar etter § 2-5 og § 2-6 første ledd.
§ 3-17 første ledd siste punktum skal lyde:
Om foreldra vel karakter i norsk skriftleg, kan dei også velje om eleven skal få karakter i eitt av skriftspråka eller i både bokmål og nynorsk.
har problem med å lære både bokmål og nynorsk på grunn av dokumentert sjukdom, skade eller dysfunksjon, eller
§ 4-12 første ledd siste punktum skal lyde:
Den som vel karakter i norsk skriftleg, kan også velje om han eller ho skal få karakter i eitt av skriftspråka eller i både bokmål og nynorsk.
har problem med å lære både bokmål og nynorsk på grunn av dokumentert sjukdom, skade eller dysfunksjon, eller
§ 5-14 første ledd andre punktum skal lyde:
Fylkeskommunen skal innhente uttale frå dei som har gitt den opphavlege bedømminga, jf. § 3-52 og § 3-54, før saka blir send til klageinstansen.
§ 5-15 skal lyde:
Ved klage på realkompetansevurdering, jf. § 4-6, § 4-11 og § 6-46, gjeld klagereglane i forvaltningslova bortsett frå det som følgjer om klageinstansen sin kompetanse i § 5-3 første ledd.
§ 6-10 skal lyde:
Avgjerda om inntak til vidaregåande opplæring er enkeltvedtak etter forvaltningslova. Søkjarar kan klage på enkeltvedtaket i samsvar med føresegnene i opplæringslova § 15-2 og forvaltningslova kapittel VI.
Har tilsvarande realkompetanse som fullført norsk grunnskoleopplæring for vaksne etter opplæringslova § 4A-1 og denne forskrifta § 4-29.
§ 6-13 tredje ledd andre punktum skal lyde:
Kommunen gjennomfører ei vurdering av realkompetansen til søkjaren og gjer eit enkeltvedtak der det går fram om søkjaren oppfyller vilkåret i bokstav c etter krava i § 4-29, jf. opplæringslova § 4A-1, eller om søkjaren treng meir grunnskoleopplæring.
§ 6-21 skal lyde:
Ved utrekning av poengsum skal alle standpunktkarakterar og eksamenskarakterar i faga leggjast til grunn.
Kvar av talkarakterane frå grunnskolen får tilsvarande poengverdi og skal telje med sine respektive talverdiar. Samla poeng for karakterar blir eit utrekna gjennomsnitt (med to desimalar) multiplisert med 10. I valfag skal det reknast ut eit gjennomsnitt av dei standpunktkarakterane eleven har fått på ungdomstrinnet. Gjennomsnittskarakteren skal førast med to desimalar. I fag der det er fastsett i læreplanen for faget at sluttvurderingsuttrykket er «delteke» eller «bestått» eller at læreplanen ikkje inneheld vurderingsuttrykk, skal ikkje faget reknast med i poenga til søkjaren. Dersom eleven er friteken frå opplæring etter § 1-11 eller § 1-12, eller er friteken frå vurdering med karakter etter § 3-17 til § 3-21, skal sluttvurderinga som søkjaren er friteken frå, ikkje reknast med i poenga til søkjaren. For søkjarar som har «Ikkje vurderingsgrunnlag» (IV) eller «Ikkje møtt til eksamen» (IM) som sluttvurdering i fag eller eksamen, skal dette vere med i utrekninga som nullverdi.
For søkjarar som har vitnemål frå grunnskoleopplæring for vaksne etter § 4-29, skal poeng reknast ut etter første ledd og andre ledd bokstav a. For vaksne som er fritekne frå opplæring etter § 1-11 eller § 1-12, eller fritekne frå vurdering med karakter etter § 4-12 eller § 4-13, skal sluttvurderinga som den vaksne er friteken frå, ikkje reknast med i poengutrekninga. Om søkjaren har fått godkjent eit eller fleire fag gjennom ei realkompetansevurdering, skal ikkje dette reknast med i poenga til søkjaren. Om søkjaren er realkompetansevurdert i meir enn halvparten av faga, skal han eller ho takast inn til Vg1 etter § 6-24.
§ 6-24 tredje ledd skal lyde:
Dette gjeld òg søkjarar som gjennom ei realkompetansevurdering har fått godkjent meir enn halvparten av faga som krevst for vitnemål etter § 4-29.
§ 6-27 tredje punktum skal lyde:
Den eleven som ønskjer å ta opp fag som han eller ho allereie har karakteren 2 eller betre i, må melde seg til eksamen som privatist, jf. § 3-24 tredje ledd.
Dersom eleven er friteken frå opplæring etter § 1-11 eller § 1-12, eller er friteken frå vurdering med karakter etter § 3-18, § 3-19 og § 3-20, skal sluttvurderinga som søkjaren er friteken frå, ikkje reknast med i poenga til søkjaren.
§ 6-46 andre ledd første punktum skal lyde:
I realkompetansevurderinga skal fylkeskommunen vurdere om den formelle, uformelle og ikkje-formelle kompetansen til søkjaren kan godkjennast som likeverdig med den kompetansen som blir oppnådd gjennom vidaregåande opplæring, jf. § 4-6.
Overskrifta til kapittel 9 skal lyde:
§ 11-8 andre ledd skal lyde:
Som gjennomgått opplæring skal ein òg rekne med oppnådd kompetanse etter realkompetansevurdering jf. § 4-6 eller etter eksamen bestått som privatist.
Overskrifta til kapittel 17 skal lyde:
Overskrifta til § 17-1 skal lyde:
§ 17-1 . Elevens rett til læremiddel på ønskja skriftspråk
§ 17-1 første ledd første punktum skal lyde:
Eleven har rett til læremiddel på ønskja skriftspråk; nynorsk eller bokmål.
§ 17-3 første punktum skal lyde:
Skoleeigaren har ansvaret for at retten til eleven til læremiddel på ønskja skriftspråk blir oppfylt etter § 17-1 og § 17-2.
varsling dersom det er fare for at det ikkje er grunnlag for vurdering i fag, orden og oppførsel eller fare for at eleven kan få karakteren nokså godt eller lite godt i orden eller oppførsel, jf. § 3-8
varsling dersom det er fare for at det ikkje er grunnlag for vurdering i fag, orden og oppførsel eller fare for at eleven kan få karakteren nokså godt eller lite godt i orden eller oppførsel, jf. § 3-8
§ 23-3 skal lyde:
Dei elevane i vidaregåande opplæring som grunna streiken våren 2010 manglar eksamenskarakterar i eit eller fleire fag som ikkje har fått avlagt eksamen etter føresegnene, har i desse faga dispensasjon frå krava i § 3-39 andre ledd.
§ 23-4 skal lyde:
Dei elevane i vidaregåande opplæring som grunna streiken våren 2012 manglar eksamenskarakterar i eit eller fleire fag eller som ikkje har fått avlagt eksamen etter føresegnene, har i desse faga dispensasjon frå krava i § 3-39 andre ledd.
II
I forskrift 14. juli 2006 nr. 932 til privatskolelova blir det gjort følgjande endringar:
§ 2-6 nytt andre ledd skal lyde:
Dei internasjonale undersøkingane må gjennomførast i tråd med retningslinjene for kvar enkelt undersøking.
Gjeldande andre ledd blir nytt tredje ledd.
Overskrifta til § 2-7 skal lyde:
§ 2-7 . Fritak frå nasjonale prøver og kartleggingsprøver
§ 2-7 første ledd første punktum skal lyde:
For elevar som får spesialundervisning etter privatskolelova § 3-6, og der prøvene klart ikkje vil ha mykje å seie for opplæringa til eleven, kan skolen gjere vedtak om å frita eleven frå å delta i prøver og undersøkingar etter § 2-4 og § 2-5 første ledd.
§ 2A-11 andre ledd andre punktum skal lyde:
For trekk til eksamen i grunnskolen gjeld § 3-26 tredje ledd.
§ 3-8 andre ledd skal lyde:
Varselet skal givast straks det er klart at det er fare for nedsatt karakter eller bortfall av karakter, og skal gi eleven høve til å få karakter i fag eller ikkje få nedsett karakter i orden eller åtferd.
§ 3-17 første ledd siste punktum skal lyde:
Om foreldra vel karakter i norsk skriftleg, kan dei også velje om eleven skal få karakter i eitt av skriftspråka eller i både bokmål og nynorsk.
har problem med å lære både bokmål og nynorsk på grunn av dokumentert sjukdom, skade eller dysfunksjon, eller
varsling dersom det er fare for at det ikkje er grunnlag for vurdering i fag, orden og oppførsel eller fare for at eleven kan få karakteren nokså godt eller lite godt i orden eller oppførsel, jf. § 3-8
varsling dersom det er fare for at det ikkje er grunnlag for vurdering i fag, orden og oppførsel eller fare for at eleven kan få karakteren nokså godt eller lite godt i orden eller oppførsel, jf. § 3-8
§ 5a-1 andre ledd skal lyde:
Når det gjeld fritak frå vurdering i skriftleg sidemål, sjå § 3-19.
§ 5a-2 andre punktum skal lyde:
Eleven må leggje fram ei fråsegn frå lege som dokumenterer at opplæringa er til skade for eleven, og at tilpassa opplæring ikkje er mogleg, jf. § 3-20.
har tilsvarande realkompetanse som fullført norsk grunnskoleopplæring for vaksne etter opplæringslova § 4A-1 og forskrift til opplæringslova § 4-29.
§ 11-9 tredje ledd andre punktum skal lyde:
Heimkommunen gjennomfører ei vurdering av realkompetansen til søkjaren og gjer eit enkeltvedtak der det går fram om søkjaren oppfyller vilkåret i bokstav c etter krava i § 4-29, jf. opplæringslova § 4A-1, eller om søkjaren treng meir grunnskoleopplæring.
§ 11-10 tredje ledd skal lyde:
Dette gjeld òg søkjarar som gjennom ei realkompetansevurdering har fått godkjent meir enn halvparten av faga som krevst for vitnemål etter forskrift til opplæringslova § 4-29.
III
Endringane blir sette i verk straks.