Hopp til innhold
Forskriftsendring
Nynorsk
Landbruks- og matdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv.

LTI/forskrift/2022-11-18-1981·Kunngjort 18. november 2022·Journalnr. 2022-1482

I kraft fra: 2023-01-01

I

I forskrift 19. desember 2014 nr. 1821 om tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv. skal denne endringa gjerast:

Første ledd i § 6 skal lyde:

Det kan gjevast tilskot når den personen det vert søkt tilskot for må ivareta barn med sjukdom, og det finst dokumentasjon til dømes i form av legeerklæring for heile perioden det vert søkt tilskot for. Det kan og gjevast tilskot når den personen det vert søkt tilskot for følgjer barn til legeundersøking eller anna oppfølging i samband med sjukdom eller skade. Tilskotet kan gjevast til og med det kalenderåret barnet fyller 12 år.

II

Endringa trer i kraft frå og med 1. januar 2023.