Hopp til innhold
Forskriftsendring
Nynorsk
Kunnskapsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om opptak til høgare utdanning

LTI/forskrift/2022-11-29-2086·Kunngjort 6. desember 2022·Journalnr. 2022-1564

I kraft fra: 2023-01-01

Hjemmellov/2005-04-01-15 § 3-6lov/2005-04-01-15 § 3-7lov/2005-04-01-15 § 4-9

I

I forskrift 6. januar 2017 nr. 13 om opptak til høgare utdanning er det gjort følgjande endringar:

§ 2-1 første (1) ledd skal lyde:

vitnemål om bestått norsk treårig vidaregåande opplæring som gir studie- eller yrkeskompetanse; eller fylt 23 år i løpet av opptaksåret og kan dokumentere minimum fem års fulltids arbeidserfaring og/eller utdanning (23/5-søkjarar). Omsorgsarbeid og militær førstegongsteneste eller sivilteneste kan òg reknast som arbeidserfaring. Som utdanning gjeld bestått årstrinn i vidaregåande opplæring, godkjent årskurs frå folkehøgskule og/eller eksamen frå studium som har vart i minst eitt år.

norsk 393 timar engelsk 140 timar matematikk 224 timar naturfag 140 timar samfunnskunnskap 84 timar historie 140 timar.

§ 3-2 skal lyde:

(1) Institusjonane kan i særskilde tilfelle gjere unntak frå kravet om generell studiekompetanse. Vilkåret for slik dispensasjon er at søkjaren kan dokumentere at det på grunn av varig sjukdom, funksjonshemming eller liknande har vore umogleg å oppfylle nokre av dei krava ein normalt må oppfylle for å bli tilkjend generell studiekompetanse.

(2) Utdanningsinstitusjonen må vurdere kvalifikasjonane ut frå det faget søkjaren ønskjer å studere, og finne fram til eigna og tenlege framgangsmåtar for slike vurderingar. Søkjaren må ha nødvendige faglege føresetnader for å gjennomføre det aktuelle studiet utan å ha generell studiekompetanse.

§ 3-6 bokstav l. slettes.

§ 4-2 åttande (8) ledd skal lyde:

(8) 3-årig bachelor i paramedisin har krav om at søkjarar må dokumentere gyldig førarkort klasse B (personbil) og ha bestått fysisk opptaksprøve etter nærmare reglar fastsette av institusjonen.

§ 4-5 fjerde (4) og femte (5) ledd skal lyde:

Alle institusjonar som tilbyr Bachelorstudium i samfunnsøkonomi kan nytte same krav for opptak etter avgjerd ved lærestaden, gjeldande frå og med opptak til studieåret 2025–26.

(5) Bachelor of Data Science for Business ved Handelshøyskolen BI har krav om matematikk R1 eller matematikk (S1 + S2). Bachelorstudium i økonomi, ledelse og IT ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet får same krav for opptak gjeldande frå og med opptak til studieåret 2025–26.

§ 4-9 bokstav q. slettes.

§ 4-10 niande (9) ledd skal lyde:

Bachelorstudium i CG Art and Animation, Bachelorstudium i Film and TV Production, Bachelorstudium i spill og opplevelsesteknologi .

Følgjande studium ved OsloMet – storbyuniversitetet Fotojournalistutdanning Produktdesignutdanning Bachelor i tolking i offentleg sektor Bachelor i teiknspråk og tolking. Følgjande studium ved Høyskolen Kristiania Bachelor i Art Direction Bachelor i interiørarkitektur Bachelor i Grafisk design Bachelor i eksponeringsdesign Bachelor i tekst og skribent Bachelor i film og TV Bachelor i lys for scene Bachelor i manus Bachelor i lyddesign Bachelor i spilldesign Bachelor i visual effects Bachelor i interiørarkitektur Årsstudium i lydteknikk og musikkproduksjon.

§ 7-1 sjette (6) ledd slettes.

§ 7-12 tredje (3) ledd slettes.

§ 8-1 første (1) ledd skal lyde:

(1) Reglane for nasjonal klagenemnd gjeld klagar over enkeltvedtak i den nasjonale opptaksmodellen for grunnutdanningar ved universitet og høgskular som Samordna opptak ved Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse organiserer.

§ 8-2 fjerde (4) ledd skal lyde:

(4) Sekretariatet for klagenemnda skal liggje hos Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

II

Endringsforskrifta trer i kraft 1. januar 2023.