Mellombels forskrift om ekstra Merkurtilskot på grunn av høge straumprisar
I kraft fra: 2022-12-02 – 2023-12-31
§ 1 . Føremål
Føremålet med tilskotsordninga er å gi tilskot til daglegvarebutikkar som er registrert i Merkurprogrammet, jf. Merkur-forskrifta, og som har hatt ekstraordinært høge straumkostnader i perioden 1. september til 31. desember 2022.
§ 2 . Kven som kan få tilskot
er registrert som ein Merkurbutikk er open heile året har hatt ekstraordinært høge straumkostnadar i perioden 1. september til 31. desember 2022.
Tilskotet kjem i tillegg til andre tilskot i Merkurprogrammet. Ein Merkurbutikk er i dette høvet eit føretak i eit konsern eller sjølvstende føretak. Føretak eller konsern som får tilskot etter Merkurordninga vil ikkje vere omfatta av energitilskotsordninga gjennom Enova for same perioden. Tilskotet kan heller ikkje kombinerast med anna offentleg straumstøtte for same periode.
§ 3 . Utrekninga av størrelsen på tilskota
Ekstraordinært høge straumkostnadar tyder straumkostnadar over 70 øre per kilowattime i perioden 1. september til 31. desember 2022.
Som støtteberettiga pris på straum eller fjernvarme reknast gjennomsnittleg fakturert pris i kroner per kilowattime vekta opp mot forbruk for den relevante månaden, eksklusive nettleie, påslag, fastledd og avgifter, slik det framgår av faktura frå straumleverandør.
Merkurbutikkane kan få tilskot på inntil 80 % av støtteberettiga straumkostnader eller fjernvarmekostnader, fråtrekt 70 øre per kilowattime av den støtteberettiga prisen.
Tilskotet blir berekna som produktet av kvar enkelt Merkurbutikk sitt forbruk av straum i antal kilowattimer multiplisert med 0,8 og med støtteberettiga pris på straum i kroner per kilowattime fråtrekt 0,7 kroner.
Utmålt støtte vil kunne bli avkorta i høve til disponibel bevilgning dersom det viser seg at omsøkt beløp overstig disponibel ramme iht. budsjettvedtak gjort av Stortinget. Ved avkortning skal berekna tilskot reduserast prosentmessig likt for alle tilskotsmottakarane.
§ 4 . Definisjon av konsern
Eit morselskap utgjer saman med eitt eller fleire dotterselskap eit konsern. Ved vurderinga av om det foreligg eit konsern, blir situasjonen per 1. oktober 2022 lagt til grunn. Eit føretak er eit morselskap når det eig så mange aksjar eller andelar i eit anna føretak at det representerer meir enn 50 prosent av stemmene i det andre føretaket. Det andre føretaket reknast som dotterselskap. Eit føretak der eit dotterselskap aleine eller saman med morselskapet og/eller eitt eller fleire andre dotterselskap eig så mange aksjer eller andelar at dei til saman representerer meir enn 50 prosent av stemmene i føretaket, reknast også som dotterselskap. Dersom ein personleg eig aleine eller saman med ein eller fleire nærståande eig så mange aksjar eller andelar at det representerer meir enn 50 prosent av stemmene i to eller fleire selskap eller morselskap, skal desse selskapa og deira dotterselskap også reknast som eit konsern ved søknad om tilskot. Med nærståande , jf. tredje ledd, meinast føretak der den personlege eigaren eig så mange aksjar eller andelar i at det representerer meir enn 50 prosent av stemmene, eller dette føretaket sitt dotterselskap. Med nærståande meinast også den personlege eigaren sine foreldre, søsken, barn, barnebarn, ektefelle, sambuar, ektefelle sine foreldre og sambuar sine foreldre.
1 http://ec.europa.eu/competition/state_aid/legislation/de_minimis_regulation_en.pdf, article 2 (2).
§ 5 . Maksimalt tilskot
Maksimalt tilskot etter denne forskrifta er 10 millionar kroner, per konsern eller sjølvstende føretak.
§ 6 . Søknadsperiode
For å sikre rask utbetaling av støtte, skal søknadshandsaminga skje i to omgangar: Søknader om tilskot for å kompensere for ekstraordinære straumkostnadar i september, oktober og november vert handsama i første omgang. Søknader for tilskot for kostnader for desember vert handsama i andre omgang.
§ 7 . Krav om energikartlegging
Tilskot tildelast kun etter at søkjaren har gjennomført ei energikartlegging av kvar enkelt Merkurbutikk. Energikartlegginga skal gi ein oversikt over energiberarar, energimengda som blir brukt og kostnader knytt til energibruken fordelt på energiberarane.
Energibruk skal fordelast på hovudpostar som for eksempel bygningsoppvarming, belysning og prosessar. Minimum tre aktuelle tiltak for å redusere energibruken skal identifiserast og settast opp i ei prioritert rekkefølgje.
Tilskotsmyndigheiten kan fastsette nærare krav til gjennomføring og dokumentasjon av energikartlegging etter første og andre ledd.
§ 8 . Krav til ein søknad om tilskot
organisasjonsnummer og namnet på dagleg leiar dokumentasjon av straumkostnadar for perioden som søknaden gjeld, i form av ein faktura som syner straumforbruket månad for månad opplysningar om søkjaren har mottatt eller søkt på andre offentlege tilskot til å dekkje straumkostnader ei energikartlegging føretak eller konsern som mottek straumstøtte kan ikkje vere under gjeldsforhandling eller ha meldt oppbod.
§ 9 . Forbod mot utbytte
Mottakarar av støtte under denne forskrifta kan ikkje fatte vedtak om, eller utbetale utbytte i 2023 i samsvar med § 27 i forskrift om midlertidig ordning for energitilskot til næringslivet i Enova. Første punktum gjeld ikkje vedtak om eller utbetaling av kjøpeutbytte til medlemmene etter lov om samvirkeforetak § 30.
§ 10 . Statsstøtteregelverket
Den nye Merkurordninga er notifisert etter artikkel 2.1 i rammeverket for statsstøtte i tilknyting til sanksjonane mot Russland. (COL/TCF) Støttebegrensningene i statsstøtteregelverket gjeld per konsern.
§ 11 . Forholdet til sanksjonar som svar på Russlands militære aggresjon mot Ukraina
Det kan ikkje gis tilskot etter denne forskrifta til føretak som er underlagt sanksjonar som svar på Russland sin militære aggresjon mot Ukraina, herunder personar, enheter eller organ som er underlagt sanksjonar, føretak som er eigd eller kontrolleres av personar, einingar eller organ som er underlagt sanksjonar, eller føretak som driv verksemd som er underlagt sanksjonar, så langt støtten ville undergrave måla med sanksjonane.
Med sanksjonar i første ledd meines sanksjonar som er vedtatt av EU og som Noreg sluttar opp om, jf. blant annet forskrift om restriktive tiltak vedrørande handlingar som undergrev eller truar Ukraina sin territorielle integritet, suverenitet, uavhengighet og stabilitet og forskrift om restriktive tiltak i lys av situasjonen i Belarus og Belarus sin medvirkning i Russland sin aggresjon mot Ukraina.
§ 12 . Sakshandsaminga og utbetaling av tilskot
Distriktssenteret er tilskotsmyndigheit. Søknadane om tilskot skal handsamast etter kvart som dei kjem inn.
Tilskota skal utbetalast snarast.
Elles gjeld Merkur-forskrifta § 5, § 6, § 7, § 9 og § 38.
§ 13 . Forvaltningslova
Forvaltningslova sine bestemmelsar om klagerett i forvaltningssaker gjeld for handsaming av saker etter denne forskrifta. Kommunal- og distriktsdepartementet er klageinstans.
§ 14 . Tilbakebetaling av uriktig utbetalt tilskot
mottakaren har gitt urette, misvisande eller mangelfulle opplysningar og tildelinga byggjer på slike opplysningar mottakaren søkjer gjeldsforhandlingar, går konkurs eller avviklar verksemda.
§ 15 . Rapportering og kontroll
Distriktssenteret kan gjennomføre kontrolltiltak for å sikre at tilskotet er tildelt etter føresetnadane og vilkåra, fastsett i forskrifta.
§ 16 . Ikraftsetjing
Forskrifta blir sett i kraft 2. desember 2022, og gjeld til 31. desember 2023.