Forskrift om endring i forskrift om fastsetjing og endring av fostringstilskot
I kraft fra: 2023-01-01
I
I forskrift 15. januar 2003 nr. 123 om fastsetjing og endring av fostringstilskot blir desse endringane gjorde:
Vedlegg. Grunnlagstal for utrekning av fostringstilskot skal lyde:
Grunnlagstala her blir endra kvart år.
Underhaldskostnaden etter § 3 (kroner per månad)
Underhaldskostnaden som skal fordelast mellom foreldra, utgjer kostnader minus barnetrygd. Barnetrygda kjem ikkje til frådrag for barn over 18 år. Forbruksutgifter og buutgifter Alderen til barnet 0–5 år 6–10 år 11–14 år 15 år og meir Forbruksutgifter 4 329 5 745 7 065 8 105 Buutgifter 2 989 2 989 2 989 2 989 Utgifter til barnetilsyn når tilskotsmottakaren mottek stønad til barnetilsyn frå folketrygda 64 prosent stønad Heiltidsbarnehage 687 Deltid, park 275 Utgifter til skolefritidsordning når tilskotsmottakaren mottek stønad til barnetilsyn frå folketrygda 64 prosent stønad SFO , heiltid 668 SFO , deltid 406
Frådrag
Barnetrygd
Tilskotsevne etter § 6 (kroner per månad) Midlar til eige underhald og buutgifter Einslege Gifte/sambuande Midlar til eige underhald 10 385 8 794 Buutgifter 10 328 6 327 Midlar til underhald av eigne barn i eigen husstand Barnet har ein bustad Barnet har delt bustad 3 852 1 926
Skattebelastninga i tilskotsevnevurderinga skal setjast til 22 prosent og trygdeavgifta til 7,9 prosent. Trinnskatten skal leggjast til grunn. Minstefrådraget og personfrådraget skal reknast inn. Samværsfrådrag etter § 9 (kroner per månad) Alderen til barnet 0–5 år 6–10 år 11–14 år 15 år og meir Ikkje samvær/samvær mindre enn samværsklasse 1 0 0 0 0 Samværsklasse 1 (2–3 netter eller 2 eller fleire dagar per månad) 276 365 479 550 Samværsklasse 2 (4–8 netter per månad) 913 1 209 1 587 1 821 Samværsklasse 3 (9–13 netter per månad) 2 425 2 837 3 364 3 691 Samværsklasse 4 (14–15 netter per månad) 3 044 3 561 4 223 4 634
II
Endringa gjeld frå 1. januar 2023.