Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kommunal- og distriktsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om bustøtte

LTI/forskrift/2023-05-30-753·Kunngjort 31. mai 2023·Journalnr. 2023-0533

I kraft fra: 2023-06-01

I

I forskrift 29. november 2012 nr. 1283 om bustøtte gjøres følgende endringer:

driftsutgifter med kr 13 582 per år

For alders-, uføre- og etterlattepensjonistar som ikkje betalar for oppvarming gjennom husleige eller fellesutgifter, inngår i tillegg utgifter til oppvarming med kr 6 791 per år.

§ 3 skal lyde:

kr 78 237 i ein husstand med ein person kr 97 404 i ein husstand med to personar kr 108 263 i ein husstand med tre personar kr 119 124 i ein husstand med fire personar kr 129 983 i ein husstand med fem personar eller fleire.

kr 24 900 høgare i Oslo kr 16 978 høgare i Bergen, Trondheim, Tromsø, Stavanger og Bærum kr 11 319 høgare i Kristiansand, Lillestrøm, Frogn, Lørenskog, Nordre Follo, Asker, Nesodden, Sola og Sandnes.

Har husstanden særskilt høge buutgifter fordi nokon i husstanden er funksjonshemma og har behov for ein spesialtilpassa bustad, kan den øvre grensa for buutgiftene aukast med kr 5 093 per år.

§ 4 annet, tredje, fjerde, femte og sjette ledd skal lyde:

Minste eigendel er kr 23 949 per år for alle. For husstandar med ei omrekna inntekt over kr 118 072 blir 16,44 prosent av den omrekna inntekta som overstig kr 118 072 lagt til eigendelen.

Eit progressivt ledd blir lagt til eigendelen for omrekna inntekter over kr 207 909. Det er 0,27 prosent av ei omrekna inntekt på kr 207 910. Satsen aukar deretter med 0,27 prosentpoeng for kvar kr 1 283 den omrekna inntekta aukar.

I perioden 1. juni 2022 til 30. juni 2023 er det progressive leddet 0,12 prosent av ei omrekna inntekt på kr 207 910, og aukar med 0,12 prosentpoeng for kvar kr 1 283 den omrekna inntekta aukar.

Inntektsgrensa i tredje ledd er kr 259 245 for husstandar som har eit medlem som har varig uføretrygd eller uførepensjon ved yrkesskade, jf. lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd kapittel 12, og som i tillegg er ung ufør, jf. § 12-13 i loven.

Inntektsgrensa i andre ledd er kr 127 816 og inntektsgrensa i tredje ledd er kr 219 867 for husstandar som har eit medlem som er einsleg og har alderspensjon etter lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd kapittel 19 og 20.

§ 5 sjuende ledd skal lyde:

Kvar person i husstanden kan ha ei kapitalinntekt på 6 205 kroner per år utan at inntekta blir teke med i grunnlaget for bustøtte.

§ 6 annet og tredje punktum skal lyde:

Fribeløpet er kr 310 208 for husstandar i leigde bustadar. For andre husstandar er fribeløpet likningsverdien av eigen bustad inntil kr 651 436.

§ 13 første ledd annet punktum skal lyde:

Minste utbetaling er 56 kroner per månad.

§ 14 femte ledd første punktum skal lyde:

For lite utbetalt bustøtte skal ikkje etterbetalast dersom summen er lågare enn 56 kroner.

II

Forskriften trer i kraft 1. juni 2023.