Hopp til innhold
Forskriftsendring
Helse- og omsorgsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om ernærings- og helsepåstander om næringsmidler

LTI/forskrift/2023-10-30-1752·Kunngjort 2. november 2023·Journalnr. 2023-1179

I kraft fra: 2023-10-30

I

I forskrift 17. februar 2010 nr. 187 om ernærings- og helsepåstander om næringsmidler gjøres følgende endringer:

EØS-henvisningsfeltet tilføyes følgende:

nr. 238 (forordning (EU) 2023/1101).

§ 3 skal lyde:

EØS-avtalen vedlegg II, kapittel XII nr. 54zzzzy (forordning (EU) nr. 957/2010), nr. 54zzzzv (forordning (EU) nr. 1162/2010), nr. 54zzzzzb (forordning (EF) nr. 983/2009 som endret ved forordning (EU) nr. 376/2010 og forordning (EU) nr. 686/2014), nr. 54zzzzzd (forordning (EF) nr. 1024/2009), nr. 54zzzzzf (forordning (EF) nr. 1167/2009), nr. 54zzzzzk (forordning (EU) nr. 384/2010 som endret ved forordning (EU) nr. 686/2014), nr. 58 (forordning (EU) nr. 440/2011), nr. 59 (forordning (EU) nr. 665/2011), nr. 65 (forordning (EU) nr. 1160/2011), nr. 66 (forordning (EU) nr. 1170/2011), nr. 71 (forordning (EU) nr. 378/2012), nr. 72 (forordning (EU) nr. 1048/2012), nr. 90 (forordning (EU) nr. 1135/2014), nr. 92 (forordning (EU) nr. 1226/2014), nr. 93 (forordning (EU) nr. 1228/2014), nr. 95 (forordning (EU) 2015/391), nr. 104 (forordning (EU) 2015/1052), nr. 107 (forordning (EU) 2015/1898), nr. 111 (forordning (EU) 2016/372), nr. 116 (forordning (EU) 2016/1381), nr. 117 (forordning (EU) 2016/1389), nr. 118 (forordning (EU) 2016/1390), nr. 120 (forordning (EU) 2016/1412), nr. 123 (forordning (EU) 2017/236), nr. 152 (forordning (EU) 2018/1555), nr. 165 (forordning (EU) 2019/651), nr. 215 (forordning (EU) 2022/709), nr. 216 (forordning (EU) 2022/710), nr. 219 (forordning (EU) 2022/727), nr. 227 (forordning (EU) 2023/648) og nr. 238 (forordning (EU) 2023/1101), om innvilgelse og avslag på bruk av helsepåstander på næringsmidler som gjelder påstander om redusert sykdomsrisiko og barns utvikling og helse, gjelder som forskrift med de tilpasninger som følger av vedlegg II, protokoll 1 til avtalen og avtalen for øvrig.

II

Denne forskriften trer i kraft straks.

Forordninger og vedtak

Endringer som gjøres i punktet «Forordninger og vedtak»:

Ny forordning (EU) 2023/1101 tilføyes:

Nedenfor gjengis til informasjon norsk oversettelse av forordning (EU) 2023/1101 med de endringer og tillegg som følger av EØS-tilpasningen av rettsakten i samsvar med vedlegg II kapittel XII nr. 238.

KOMMISJONSFORORDNING (EU) 2023/1101 av 6. juni 2023 om avslag på godkjenning av ein helsepåstand om næringsmiddel som viser til utviklinga og helsa til barn

EUROPAKOMMISJONEN HAR

med tilvising til traktaten om verkemåten til Den europeiske unionen,

med tilvising til europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1924/2006 av 20. desember 2006 om ernærings- og helsepåstander om næringsmidler 1 , særleg artikkel 17 nr. 3 og

I medhald av forordning (EF) nr. 1924/2006 er helsepåstandar om næringsmiddel forbodne med mindre dei er godkjende av Kommisjonen i samsvar med den nemnde forordninga og oppførte i EU-lista over påstandar som er tillatne. Ved forordning (EF) nr. 1924/2006 er det òg fastsett at driftsansvarlege for næringsmiddelføretak kan sende søknader om godkjenning av helsepåstandar til den rette nasjonale styresmakta i ein medlemsstat. Den rette nasjonale styresmakta skal sende gyldige søknader vidare til Den europeiske styresmakta for næringsmiddeltryggleik («styresmakta»). Etter at søknaden er motteken, skal styresmakta straks melde frå til dei andre medlemsstatane og Kommisjonen og gje ei fråsegn om den aktuelle helsepåstanden. Kommisjonen skal ta omsyn til fråsegna frå styresmakta når han tek avgjerd om godkjenning av helsepåstanden. Etter ein søknad som Cyprus International Institute for Environmental and Public Health, Cyprus University of Technology sende inn i medhald av artikkel 14 nr. 1 bokstav b) i forordning (EF) nr. 1924/2006, vart styresmakta bede om å gje ei fråsegn om den vitskaplege underbygginga av ein helsepåstand om økologiske næringsmiddel og deira medverknad til å beskytte cellene og molekyla i kroppen (lipid og DNA) mot oksidative skadar, med målgruppa friske barn mellom 3 og 15 år (spørsmål nr. EFSA-Q-2021-00055). Den påstanden som søkjaren hadde gjort framlegg om, hadde følgjande ordlyd: «Økologiske næringsmiddel (med lågare innhald av pesticidrestar enn i konvensjonelle næringsmiddel) medverkar til å beskytte cellene og molekyla i kroppen (lipid og DNA) mot oksidative skadar». Kommisjonen og medlemsstatane mottok 20. oktober 2021 den vitskaplege fråsegna 2 frå styresmakta om denne påstanden. I den fråsegna uttalte styresmakta at det nivået av pesticidrestar som krevst for å kunne karakterisere næringsmiddel som «økologiske», som er føremålet med helsepåstanden, ikkje er spesifisert verken i søknaden eller i undersøkingane på menneske som er sende inn som grunnlag for helsepåstanden, og konkluderte på grunnlag av dei opplysningane som er framlagde, med at næringsmiddelet/næringsmiddeldelemnet «økologiske næringsmiddel» ikkje er tilstrekkeleg definert, og at det difor ikkje kan påvisast nokon årsakssamanheng mellom inntak av økologiske næringsmiddel og vern av cellene og molekyla i kroppen (lipid og DNA) mot oksidative skadar. Ettersom helsepåstanden ikkje oppfyller krava i forordning (EF) nr. 1924/2006 til oppføring i EU-lista over godkjende helsepåstandar, bør han ikkje godkjennast. Etter offentleggjeringa av fråsegna mottok Kommisjonen ingen kommentarar i medhald av artikkel 16 nr. 6 i forordning (EF) nr. 1924/2006. Dei tiltaka som er fastsette i denne forordninga, er i samsvar med fråsegna frå Det faste utvalet for planter, dyr, næringsmiddel og fôr.

1 TEU L 404 av 30.12.2006, s. 9.

2 EFSA Journal 2021;19(10):6847.

VEDTEKE DENNE FORORDNINGA:

Artikkel 1

Den helsepåstanden som er nemnd i vedlegget til denne forordninga, skal ikkje førast opp i EU-lista over påstandar som er tillatne, som er nemnd i artikkel 14 nr. 1 i forordning (EF) nr. 1924/2006.

Artikkel 2

Denne forordninga trer i kraft 20. dagen etter at ho er kunngjord i Tidend for Den europeiske unionen .

Denne forordninga er bindande i alle delar og gjeld direkte i alle medlemsstatane.

Utferda i Brussel 6. juni 2023.

For Kommisjonen Ursula von der Leyen President

VEDLEGG Avvist helsepåstand

Søknad – relevante føresegner i forordning (EF) nr. 1924/2006 Næringsstoff, stoff, næringsmiddel eller næringsmiddelkategori Påstand Referansenummeret til EFSA-fråsegna Artikkel 14 nr. 1 bokstav b) – helsepåstand som viser til utviklinga og helsa til barn Økologiske næringsmiddel Økologiske næringsmiddel (med lågare innhald av pesticidrestar enn i konvensjonelle næringsmiddel) medverkar til å beskytte cellene og molekyla i kroppen (lipid og DNA) mot oksidative skadar Q-2021-00055