Hopp til innhold
Forskriftsendring
Nynorsk
Kunnskapsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om opptak til Universitetet i Bergen

LTI/forskrift/2024-05-02-1446·Kunngjort 2. juli 2024·Journalnr. 2024-0796

I kraft fra: 2024-05-02

Hjemmellov/2005-04-01-15 § 3-6

I

I forskrift 27. november 2018 nr. 1907 om opptak til Universitetet i Bergen skal det gjerast desse endringane:

§§ 1-2, 2-7 og 6-4 i forskrifta skal strykast.

Engelsk frå Vg1 i norsk vidaregåande skule (140 årstimar), eller utdanning av minst same omfang frå ein stat som er part til Lisboakonvensjonen. Vurderinga av same omfang tar utgangspunkt i at engelsk frå Vg1 i norsk vidaregåande skule bygger på 10 år med engelsk frå grunnskulen.

International English Language Testing Service (IELTS) med minimum score 6.5 på alle delprøver.

Emna som utgjer den faglege fordjupinga skal ha eit vekta snitt på karakteren C, altså 2,50 eller høgare (kvalifiseringskravet), jf. retningslinjene for utrekning av karakterpoeng i § 5-4.

§ 2-2 (4) til (6) skal lyde:

(4) Fakultetet kan i studieplanen fastsetje eit høgare kvalifiseringskrav, i samråd med fagmiljøa.

(5) For opptak til erfaringsbasert masterprogram etter § 5 i mastergradsforskrifta skal krav til eventuell fagleg fordjuping og karaktergjennomsnitt fastsetjast i studieplanen. Det er krav om minst to års relevant praksis for opptak til erfaringsbaserte masterprogram. Det kan krevjast relevant praksis utover dette.

(6) Søkjarar til internasjonale gradsstudium som kjem frå land/statar/område utanfor EU/EØS og Sveits må dokumentere tilfredsstillande finansiering, jf. krava i utlendingslova § 58.

Nytt § 2-3 (3) skal lyde:

(3) For opptak til enkeltemne med eigenbetaling gjeld første avsnitt, i tillegg til eit krav om minst to års arbeidserfaring.

§ 5-4 (3) til (6) skal lyde:

(3) For utrekning av kvalifiseringskrav etter § 2-2 (3) bokstav e, skal avrunding skje til næraste heile tal etter vanlege avrundingsreglar.

(4) Nærare føresegn om omrekning av karakterar frå andre karakterskalaer er gitt i retningsliner for opptak til Universitetet i Bergen.

(5) I særskilde tilfelle kan anna utdanning, praksis eller kompetanse enn den som inngår i det formelle opptaksgrunnlaget, bli teken med i rangeringa. Rangeringsgrunnlag og rangeringsmetode fastsetjast i studieplanen.

(6) For opptak til praktisk-pedagogisk utdanning vil søkjarar med to fag ha prioritet framfor søkjarar med eitt fag.

Ny § 8-1 (4) skal lyde:

(4) Rektor kan vedta mindre viktige endringar i denne forskrifta, i samråd med fakulteta. Universitetsdirektøren skal rapportere slike endringar til styret.

II

Forskrifta gjeld med ein gong.