Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kunnskapsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova

LTI/forskrift/2024-05-13-762·Kunngjort 13. mai 2024·Journalnr. 2024-0450

I kraft fra: 2024-08-01

Endrerforskrift/2006-06-23-724
Hjemmellov/1998-07-17-61 § 13-7

I

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova gjøres følgende endring:

§ 1B-4 skal lyde:

Kommunen skal gi fritak frå foreldrebetaling for 12 timar per veke for elevar på 1. til 3. årstrinn som har plass i skolefritidsordninga. Kommunen kan krevje betaling for kost.

Kommunen skal gi foreldra tilbod om å fordele dei 12 timane på alle dagane kommunen til vanleg har eit tilbod om skolefritidsordning, så langt det er praktisk mogleg.

Dersom kommunen tilbyr skolefritidsordning i feriane til skolen, gjeld fritaket frå foreldrebetaling også i desse periodane. Kommunen treng likevel ikkje å fordele dei 12 timane på alle dagane kommunen har eit tilbod om skolefritidsordning i feriar.

Kommunen kan ikkje rekne om dei 12 timane til gjennomsnitt over lengre tid enn ei veke.

II

Forskriften trer i kraft 1. august 2024.