Forskrift om endring i forskrift om bustøtte
I kraft fra: 2024-06-01
I
I forskrift 29. november 2012 nr. 1283 om bustøtte gjøres følgende endringer:
driftsutgifter med kr 14 152 per år
For alders-, uføre- og etterlattepensjonistar som ikkje betalar for oppvarming gjennom husleige eller fellesutgifter, inngår i tillegg utgifter til oppvarming med kr 7 076 per år.
§ 3 skal lyde:
kr 81 523 i ein husstand med ein person kr 101 495 i ein husstand med to personar kr 112 810 i ein husstand med tre personar kr 124 127 i ein husstand med fire personar kr 135 442 i ein husstand med fem personar eller fleire.
kr 25 946 høgare i Oslo kr 17 691 høgare i Bergen, Trondheim, Tromsø, Stavanger og Bærum kr 11 794 høgare i Kristiansand, Lillestrøm, Frogn, Lørenskog, Nordre Follo, Asker, Nesodden, Sola og Sandnes.
Har husstanden særskilt høge buutgifter fordi nokon i husstanden er funksjonshemma og har behov for ein spesialtilpassa bustad, kan den øvre grensa for buutgiftene aukast med kr 5 307 per år.
§ 4 skal lyde:
Eigendelen som blir trekt i frå buutgiftene, jf. § 1, blir bestemt av den omrekna inntekta, jf. § 7.
Minste eigendel er kr 25 075 per år for alle. For husstandar med ei omrekna inntekt over kr 123 621 blir 16,44 prosent av den omrekna inntekta som overstig kr 123 621 lagt til eigendelen.
Eit progressivt ledd blir lagt til eigendelen for omrekna inntekter over kr 217 681. Det er 0,27 prosent av ei omrekna inntekt på kr 217 682. Satsen aukar deretter med 0,27 prosentpoeng for kvar kr 1 343 den omrekna inntekta aukar.
Inntektsgrensa i tredje ledd er kr 271 430 for husstandar som har eit medlem som har varig uføretrygd eller uførepensjon ved yrkesskade, jf. lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd kapittel 12, og som i tillegg er ung ufør, jf. § 12-13 i loven.
Inntektsgrensa i andre ledd er kr 133 823 og inntektsgrensa i tredje ledd er kr 230 201 for husstandar som har eit medlem som er einsleg og har alderspensjon etter lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd kapittel 19 og 20.
§ 5 sjuende ledd skal lyde:
Kvar person i husstanden kan ha ei kapitalinntekt på 6 497 kroner per år utan at inntekta blir teke med i grunnlaget for bustøtte.
§ 5 nytt niende ledd skal lyde:
Etterbetalingar av G-regulerte ytingar frå NAV eller frå kommunar som gjeld mai og som vert utbetalt i juni, skal ikkje reknast med i grunnlaget for bustøtte for juni. Dersom søkjaren gjennom ein klage gjer Husbanken merksam på at etterbetalingar for mai som kjem frå andre kjelder eller i seinare månader, skuldast trygdeoppgjeret, kan Husbanken sjå bort frå desse etterbetalingane.
§ 6 annet og tredje punktum skal lyde:
Fribeløpet er kr 324 788 for husstandar i leigde bustadar. For andre husstandar er fribeløpet likningsverdien av eigen bustad inntil kr 682 053.
§ 13 første ledd annet punktum skal lyde:
Minste utbetaling er 59 kroner per månad.
§ 14 femte ledd første punktum skal lyde:
For lite utbetalt bustøtte skal ikkje etterbetalast dersom summen er lågare enn 59 kroner.
II
Forskriften trer i kraft 1. juni 2024.