Hopp til innhold
Forskriftsendring
Nynorsk
Kunnskapsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om studium ved Universitetet i Bergen

LTI/forskrift/2024-06-13-1447·Kunngjort 2. juli 2024·Journalnr. 2024-0797

I kraft fra: 2024-06-13

Hjemmellov/2005-04-01-15 § 3-9

I

Desse endringane er vedtekne i forskrift 15. juni 2023 nr. 1359 om studium ved Universitetet i Bergen:

gi opplæring i akademisk reielegheit, ytringsfridom og fagkritikk,

§ 1-3 skal lyde:

(1) Organa som har avgjerslemyndigheit etter denne forskrifta, har høve til å delegere myndigheita vidare til underordna organ så lenge det ikkje er presisert at avgjersla må treffast av organet sjølv.

(2) Rektor kan vedta mindre viktige endringar i denne forskrifta. Slike endringar kan berre gjerast etter høyring hjå fakulteta og Studentparlamentet ved UiB. Universitetsdirektøren skal rapportere slike endringar til styret.

oppfylle krav til akademisk reielegheit og integritet,

§ 4-5 skal lyde:

ikkje oppfyller krava etter § 4-3 (2) eller § 4-4, ikkje bidrar til å fastsetje utdanningsplan i samsvar med § 4-6 (4), gir melding om at hen ønsker å avslutte studiet, får opptak til eit anna studieprogram ved UiB, og det ikkje er gode faglege grunnar til at fleire studierettar finst parallelt, ikkje består noko studiepoenggivande emne i to semester på rad, på slutten av studieåret har eit etterslep på meir enn halvparten av normert progresjon for studieprogrammet, har gjort maksimalt tal eksamensforsøk i obligatoriske emne utan bestått resultat eller har fullført studieprogrammet eller emnet som opptaket gjeld.

(2) Vedtak etter bokstavane e og f i første avsnitt skal ta omsyn til innvilga permisjonar, pausar, deltidsstudium og gyldig fråvær til eksamen eller obligatoriske aktivitetar, og vedtak om utestenging. Fakultetet kan alltid trekke tilbake studieretten for studentar som ikkje har produsert studiepoeng dei siste seks semestera, med mindre studenten har hatt permisjon i heile perioden, jf. § 5-2.

(3) For kliniske og utøvande/skapande studieprogram kan fakultetet i studieplanen og/eller utfyllande reglar fastsette at studieretten kan trekkast tilbake dersom studenten er meir enn to år forsinka samanlikna med normal progresjon.

(4) Den sentrale klagenemnda kan vedta utestenging og dermed midlertidig tap av studieretten, jf. universitets- og høgskulelova §§ 12-4 og 12-5.

Ny § 4-7 skal lyde:

Universitetsdirektøren vedtar åtvaring om bortvising ved grovt forstyrrande åtferd, jf. universitets- og høgskulelova § 12-5 (2).

i høve svangerskap, fødsel og omsorg til barn i samsvar med universitets- og høgskulelova § 10-6 (2).

§ 5-3 (2) skal lyde:

(2) Retten etter første avsnitt gjeld frå semester nummer to. Pause inneber at studieretten knytt til det aktuelle studieprogrammet blir suspendert. Pause blir innvilga for eitt eller to semester om gongen og studieretten blir utvida tilsvarande i tid.

§ 5-4 (1) skal lyde:

(1) Studentar med funksjonsnedsetjing eller andre særskilte behov har rett til eigna individuell tilrettelegging av lærestad, undervising, læremidlar og eksamen i samsvar med universitets- og høgskulelova § 10-5.

§ 5-8 (1) skal lyde:

(1) Fakultetet skal godkjenne når søknadsgrunnlaget er norske akkrediterte studium dersom vilkåra er oppfylte, jf. universitets- og høgskulelova § 9-1. Det same gjeld for studium frå ein stat som er part til Lisboakonvensjonen, med mindre det er betydelege skilnader mellom utdanningane, jf. universitets- og høgskulelova § 9-3 (2).

§ 5-9 (1) skal lyde:

(1) Fakultetet kan velje å handsame søknader om godkjenning av annan utdanning og realkompetanse, jf. universitets- og høgskulelova §§ 9-2, 9-3 (1), 9-4 og 9-5.

§ 6-1 (7) skal lyde:

(7) Litteraturlister og timeplanar for emna skal publiserast på universitetet sine nettsider innan 1. juli for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret. Dette gjeld ikkje for tidspunkt for kontinuasjonseksamen, som blir publisert så snart som råd.

§ 6-4 skal lyde:

Undervisinga skal som hovudregel vere på norsk. Det kan gjerast unntak av faglege grunnar som må vere i tråd med universitetet sine språkpolitiske retningslinjer. Det same gjeld når eit emne har innslag av andre undervisingsspråk enn norsk.

§ 8-1 skal lyde:

(1) Studentar har tre eksamensforsøk i kvart emne. Avgrensinga gjeld sjølv om emnet har skifta namn eller emnekode, og sjølv om studenten har fått nytt opptak.

(2) Bachelorprosjekt/-oppgåve og masterprosjekt/-oppgåve utan bestått resultat kan leverast på nytt éin gong. Bachelor- og masterprosjekt med bestått resultat kan ikkje leverast på nytt.

inneber praksis, inneber feltarbeid, inneber tokt eller er utøvande eller skapande.

kan i utfyllande reglar vedta unntak frå hovudregelen om tre forsøk for studentar som allereie har bestått resultat i emnet, kan gjere unntak frå første til tredje avsnitt i einskildtilfelle etter søknad frå studenten, skal fastsetje innleveringsfrist for ny levering av bachelorprosjekt/-oppgåve og masterprosjekt/-oppgåve utan bestått resultat etter andre avsnitt. Fristen kan ikkje vere kortare enn tre månader frå sensuren er kunngjort og ikkje lengre enn eitt år frå den opphavlege fristen og skal etter søknad tillate ny levering av bachelor- og masterprosjekt etter utestenging som følge av fusk, med mindre fusket er av ein karakter som gjer det umogleg. Fakultetet skal sjå til at fusket er retta opp. Studenten kan ikkje levere før etter utestengingsperioden er over, jf. universitets- og høgskulelova § 12-4 (3) og (4).

§ 9-1 skal lyde:

(1) Fakultetet skal sørge for at studentane vert vurderte på ein upartisk og fagleg trygg måte. Sensor skal vurdere eksamenssvaret ut frå dei delane av læringsutbytet som eksamensoppgåva legg opp til.

(2) Sensur inkluderer plagiatkontroll av innleverte eksamenssvar og studentarbeid. UiB kan lagre og bruke eksamenssvar og studentarbeid (eksemplarframstilling) i forbindelse med plagiatkontroll av framtidige eksamenssvar og arbeid.

(3) Studenten kan ikkje trekke tilbake eksamenssvaret etter gjennomføring.

(4) Sensuren blir kunngjort på Studentweb. Kunngjeringa skal informere om retten til å få grunngiving og til å klage, jf. universitets- og høgskulelova §§ 11-8 til 11-10, og fristane som gjeld. For eksamensformene nemnde i § 7-5 blir sensuren gitt munnleg og med ein gong.

(5) Sensuren skal vere anonym så langt det er fagleg og praktisk mogleg.

(6) Fakultetet skal sørge for at det vert laga sensorrettleiing for alle eksamenar, og at ho blir gjort kjent for studentane. Sensorrettleiinga blir utforma på det språket emneansvarleg vel.

(7) Sensor kan krevje at studentar som har levert uleselege handskrivne eksamenssvar, skal levere ein leseleg kopi. Fristen skal normalt vere to dagar.

§ 9-5 skal lyde:

(1) Vanleg sensurfrist er femten verkedagar etter eksamenen blei avslutta, i samsvar med universitets- og høgskulelova § 11-7 (4).

(2) Universitetsdirektøren kan vedta forlenging av sensurfristen dersom særlege grunnar gjer det nødvendig, jf. universitets- og høgskulelova § 11-7 (4). Studenten skal få melding om forseinkingar i sensuren og om vedtak om forlenga sensurfrist.

(3) Klagesensur skal handsamast utan ugrunna opphald. På emne med mange sensurklagar har fakultetet høve til å vente med å sende eksamenssvara til klagesensorane til klagefristen har gått ut for å sikre lik handsaming av klagane. Klage på formelle feil som kan få følger for fleire eller alle sensurklagane skal reknast som grunna opphald.

§ 9-6 skal lyde:

(1) Studenten har rett til å få grunngiving for karakterfastsettinga jf. universitets- og høgskulelova § 11-8. Retten til grunngiving gjeld tilsvarande for klagesensur.

(2) Fristen for å be om grunngiving for sensuren er éi veke etter kunngjeringa. Fakultetet kan avgjere om grunngivinga skal vere skriftleg eller munnleg, og vedta ordningar for dette. For eksamensformene nemnde i § 7-5 må studenten be om grunngiving straks hen har fått karakteren.

§ 9-8 skal lyde:

(1) Fakultetet utnemner sensorar.

eksamenar som åleine utgjer 15 studiepoeng eksamenar som ikkje lar seg etterprøve sensur av bachelorprosjekt, sensur av masterprosjekt, der minst ein av sensorane må vere ekstern og klagesensur, der minst ein av sensorane må vere ekstern.

(3) Fakultetet kan i utfyllande reglar setje eigne reglar for talet på sensorar, så lenge dei er strengare enn første avsnitt.

(4) Som ekstern sensor etter andre avsnitt reknar ein den som ikkje er tilsett i hovud- eller bistilling ved UiB på sensurtidspunktet.

§ 9-9 skal lyde:

(1) Ved klagesensur skal klagesensorane ikkje opplysast om karakteren, grunngivinga i den vanlege sensurrunden eller studentens grunngiving for klage (blind klagesensur). Klagesensorane bør få ei revidert sensorrettleiing der den emneansvarlege gjer greie for erfaringane frå den opphavlege sensurrunden.

(2) Dersom det er fråvik på to karakterar eller meir mellom vanleg sensur og klagesensuren, skal fakultetet gjere ei ny vurdering, jf. uhl. § 11-11 (3). I denne deltek ein av dei opphavlege sensorane, ein av klagesensorane og ein tredje sensor utpeika av fakultetet. Slik ny vurdering skal ikkje vere blind.

§ 10-3 skal lyde:

examen philosophicum, 10 studiepoeng og spesialisering, minst 90 studiepoeng, som normalt inkluderer eit sjølvstendig arbeid på minst 10 studiepoeng. Kravet om sjølvstende er ikkje til hinder for at fakultetet kan fastsetje i emneskildringa at to eller fleire studentar kan eller skal samarbeide om eit bachelorprosjekt.

(2) Bachelorgrader i utøvande og skapande kunst, musikk og design er på 180 eller 240 studiepoeng. Dei blir tildelte på grunnlag av samansetjing vedteken i samsvar med §§ 2-2 og 3-1.

II

Forskrifta gjeld med ein gong.