Hopp til innhold
Forskriftsendring
Nynorsk
Kunnskapsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om opptak til høgare utdanning

LTI/forskrift/2024-06-20-1111·Kunngjort 21. juni 2024·Journalnr. 2024-0674

I kraft fra: 2024-06-20

Hjemmellov/2005-04-01-15 § 3-6lov/2005-04-01-15 § 3-7

I

I forskrift 6. januar 2017 nr. 13 om opptak til høgare utdanning er det gjort følgande endringar:

§ 4-2 sjuande ledd nytt tredje punktum skal lyda:

Institusjonar kan ved lokalt opptak ta opp søkarar som ikkje oppfyller krava til studieåret 2024–2025 dersom dei har ledige plassar etter hovudopptaket.

Ny § 4-7A skal lyda:

Departementet kan etter søknad frå ein institusjon innvilge unntak frå nivåkrava i § 4-7 første til femte ledd og åttande ledd dersom institusjonen har tiltak som varetek dei same omsyna som nivåkrava er meint å vareta. Institusjonar som har fått innvilga dispensasjon, kan ved lokalt opptak også ta opp søkarar som ikkje oppfyller nivåkrava i § 4-7 første til femte ledd og åttande ledd til studieåret 2024–2025 dersom dei har ledige plassar etter hovudopptaket.

§ 8-1 første ledd nytt andre punktum skal lyde:

Reglane for nasjonal klagenemnd gjeld også klagar over enkeltvedtak etter § 4-2 sjuande ledd tredje punktum og § 4-7A andre punktum.

II

Endringsforskrifta trer i kraft straks.