Hopp til innhold
Forskriftsendring
Nynorsk
Kunnskapsdepartementet

Forskrift om grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring i Longyearbyen

LTI/forskrift/2024-06-21-1103·Kunngjort 21. juni 2024·Journalnr. 2024-0679

I kraft fra: 2024-08-01

Endrerforskrift/2022-06-17-1044

§ 1 . Formålet med forskrifta og kva forskrifta gjeld

Forskrifta skal leggje til rette for at barn og ungdom i Longyearbyen får god opplæring i eit trygt og godt skolemiljø. Forskrifta skal også bidra til at norske svalbardpolitiske mål kan oppfyllast.

Forskrifta gjeld grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring innanfor Longyearbyen arealplanområde.

§ 2 . Ansvaret til Longyearbyen lokalstyre

Longyearbyen lokalstyre skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring etter § 4.

Longyearbyen lokalstyre kan drive vidaregåande opplæring, jf. § 5.

Longyearbyen lokalstyre er ansvarleg for at reglane i denne forskrifta blir oppfylte.

§ 3 . Grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring i Longyearbyen

Berre Longyearbyen lokalstyre kan drive grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring innanfor Longyearbyen arealplanområde.

§ 4 . Rett og plikt til grunnskoleopplæring i Longyearbyen

Barn har rett og plikt til grunnskoleopplæring frå det året dei fyller seks år, til dei har avslutta det 10. trinnet.

Retten til grunnskoleopplæring gjeld når barnet truleg skal vere i Longyearbyen i meir enn tre månader i samanheng. Retten skal oppfyllast så raskt som mogleg og seinast innan éin månad etter at barnet er komme til Longyearbyen og foreldra har meldt frå til Longyearbyen lokalstyre. Barn har plikt til grunnskoleopplæring når dei har vore i Longyearbyen i seks månader i samanheng.

Barn med behov som går ut over plikta til Longyearbyen lokalstyre etter § 6 første ledd bokstav f og § 7, og som derfor ikkje kan få eit forsvarleg utbytte av opplæringa ved Longyearbyen skole, har ikkje rett og plikt til grunnskoleopplæring i Longyearbyen. Ei avgjerd etter regelen her er eit enkeltvedtak og kan påklagast etter reglane i forvaltningsloven. Statsforvaltaren i Troms og Finnmark er klageinstans.

§ 5 . Rett til vidaregåande opplæring i Longyearbyen

Ungdom i Longyearbyen som har fullført grunnskolen eller tilsvarande opplæring, har same rett til vidaregåande opplæring som dei ville hatt i Fastlands-Noreg. Retten kan oppfyllast gjennom vidaregåande opplæring i Longyearbyen eller gjennom vidaregåande opplæring på norsk fastland etter reglane i opplæringslova.

Longyearbyen lokalstyre kan fastsetje forskrift med vilkår for inntak til vidaregåande opplæring ved Longyearbyen skole, blant anna krav om bustadadresse i Longyearbyen, krav om språkkunnskapar og at det ikkje er behov for individuell tilrettelegging av opplæringa. Inntaksvilkåra må vere objektive, ikkje-diskriminerande og dei må kunne etterprøvast.

§ 6 . Reglar i opplæringslova som gjeld for opplæring i Longyearbyen

kapittel 1 kapittel 2, med avgrensinga som følgjer av §§ 4 og 7 i forskrifta her §§ 3-1 første og andre ledd, 3-2 første og fjerde ledd, 3-6 første ledd første punktum og andre ledd, 3-7 § 4-7 §§ 5-2 og 5-3 § 5-4, men Longyearbyen lokalstyre kan gjere nødvendige og forsvarlege justeringar i fag- og timefordelinga §§ 5-6 og 5-8 § 6-1 kapittel 7 § 9-5 kapittel 10, med unntak av §§ 10-5 andre ledd andre punktum og 10-9 kapittel 11, med unntak av § 11-12, og berre for grunnskoleopplæringa med avgrensinga i § 7 i denne forskrifta kapittel 12–17 § 22-5 §§ 24-1, 24-3, 24-4 og 24-5 kapittel 25, med unntak av § 25-2 kapittel 27 § 28-8 kapittel 29.

Oppgåver som etter opplæringslova eller forskrifter til lova er lagde til kommunen eller fylkeskommunen, skal liggje til Longyearbyen lokalstyre. Oppgåver som etter opplæringslova eller forskrifter til lova er lagde til statsforvaltaren, skal liggje til Statsforvaltaren i Troms og Finnmark.

§ 7 . Avgrensa rett til individuell tilrettelegging i grunnskoleopplæring i Longyearbyen

Elevar med behov for mindre eller moderat tilrettelegging av opplæringa har rett til individuell tilrettelegging, jf. opplæringslova §§ 11-1 til 11-11 og § 11-3, med dei avgrensingane som følgjer av regelen her.

det samla behovet eleven har for tilrettelegging og tenester for å kunne ta del i opplæringa og oppnå eit forsvarleg utbytte av ho i kva grad tilrettelegginga vil vere kostnadskrevjande påverkinga på opplæringstilbodet til andre elevar at skolen ikkje skal kompensere for andre tenestetilbod som ikkje finst og reglar som ikkje gjeld i Longyearbyen.

Elevar har berre i særlege tilfelle rett til éin-til-éin-undervisning eller ein dedikert personalressurs, for eksempel lærar, assistent eller spesialpedagog. Elevar har ikkje rett til slik tilrettelegging i meir enn ein avgrensa del av opplæringa og i ein kortare periode.

Retten til individuell tilrettelegging er elles avgrensa av den kapasiteten og kompetansen som Longyearbyen lokalstyre rår over.

§ 8 . Forskrifter etter opplæringslova som gjeld for opplæring i Longyearbyen

Forskriftsreglar med heimel i opplæringslova gjeld som hovudregel for grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring i Longyearbyen når heimelen til regelen gjeld der, jf. § 6 første ledd. Stadlege forhold kan gjere at regelen ikkje passar for grunnskoleopplæringa eller den vidaregåande opplæringa i Longyearbyen og derfor ikkje skal gjelde. Kunnskapsdepartementet avgjer i tvilstilfelle kva for forskriftsreglar som ikkje passar.

§ 9 . Ikraftsetjing

Forskrifta trer i kraft 1. august 2024. Samstundes blir forskrift 17. juni 2022 nr. 1044 om grunnskoleopplæring og videregående opplæring i Longyearbyen oppheva.

Rettingar

Det som er retta er sett i kursiv.

§ 7 første ledd skal lyde:

Elevar med behov for mindre eller moderat tilrettelegging av opplæringa har rett til individuell tilrettelegging, jf. opplæringslova §§ 11-1 til 11-11 og § 11-13 , med dei avgrensingane som følgjer av regelen her.