Forskrift om opptak til Høgskulen på Vestlandet
I kraft fra: 2024-08-01
Kapittel 1. Verkeområde og definisjonar
§ 1-1 . Verkeområde
(1) Forskrifta gjeld opptak til alle utdanningar ved Høgskulen på Vestlandet til og med mastergradsnivå. Opptak til doktorgradsprogram er regulert i forskrift for graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Høgskulen på Vestlandet.
(2) Det kan gjelde eigne reglar for fellesgradar som vert tilbydde i samarbeid med ein eller fleire lærestader. Dette skal gå fram av avtalen med dei samarbeidande institusjonar.
(3) Lov 8. mars 2024 nr. 9 om universiteter og høyskoler (universitets- og høyskoleloven), forskrift 6. januar 2017 nr. 13 om opptak til høgare utdanning (opptaksforskrifta), forskrift 1. desember 2005 nr. 1392 om krav til mastergrad (mastergradsforskriften), lov 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven) og forskrifter om rammeplanar og andre nasjonale avgjerder er overordna denne forskrifta og gjeld føre forskrifta ved eventuell motstrid.
§ 1-2 . Definisjonar
(1) Opptak inneber at ein person har søkt, fått vurdert kompetansen sin og fått studierett til eit studieprogram eller emne tilknytt Høgskulen på Vestlandet.
(2) Lokalt opptak viser til opptak som ikkje høyrer til det nasjonale samordna opptaket.
(3) Opptakskrav er dei krava som vert stilt til søkjaren for å bli vurdert som kvalifisert for opptak. Opptakskrav skal gå fram av studieplan eller emneplan for alle studium og emne som har eige opptak.
(4) Grunnutdanning og integrert mastergradutdanning er studieprogram der opptak som hovudregel krev fullført utdanning frå vidaregåande opplæring eller godkjent realkompetanse.
(5) Mastergradsutdanning er studieprogram som byggjer på utdanning på bachelorgradsnivå og som fører fram til ein mastergrad.
(6) Vidareutdanning er studiepoenggivande ny formell kompetanse på universitets- og høgskulenivå. Det kan vere spesielt tilrettelagte enkeltemne eller studieprogram på lågare eller høgare grads nivå.
(7) Etterutdanning eller kurs er ny formell kompetanse på universitets- og høgskulenivå, som ikkje gir studiepoeng.
(8) Praktisk-pedagogisk utdanning er pedagogisk kompetanse som saman med relevant kompetanse i undervisningsfag eller yrkesfagleg utdanning kvalifiserer til undervisning.
(9) Enkeltemne er emne som er opne for søkjarar som ikkje har studierett på studieprogrammet som emnet høyrer til, eller emne som vert tilbydde som frittståande studium.
(10) Overflyttingsopptak er opptak der søkjaren har teke delar av utdanninga ved andre utdanningsinstitusjonar, andre campus eller andre studieprogram ved Høgskulen på Vestlandet, og startar på 2. året eller seinare i eit utdanningsløp.
(11) Oppdragsfinansierte studium og emne vert gjennomført mot vederlag betalt av ein eller fleire oppdragsgjevarar, og er ikkje retta mot enkeltstudentar, men mot oppdragsgjevaren si målgruppe.
(12) Betalingsstudium er når høgskulen krev eigenbetaling frå studentar, jf. forskrift om egenbetaling ved universiteter og høyskoler § 3-2.
(13) Studiepoeng den enkelte har oppnådd ved gjennomført fagskuleutdanning, er ikkje likestilt med studiepoeng frå høgare utdanning ved opptak etter denne forskrifta.
Kapittel 2. Opptaksgrunnlag
§ 2-1 . Generelle føresegner
(1) Minstekrav for opptak til utdanning som gjev studiepoeng ved Høgskulen på Vestlandet er generell studiekompetanse eller tilsvarande realkompetanse, slik dette er fastsett i forskrift om opptak til høgare utdanning.
(2) Søkjarar med utdanning frå land utanfor Norden, må dokumentere at dei oppfyller krav til norsk- og engelskkunnskapar slik dette er fastsett i forskrift om opptak til høgare utdanning, jf. § 2-2 andre ledd for å kvalifisere for opptak til studium som gjev studiepoeng.
(3) Krava til norskkunnskapar gjeld ikkje for søkjarar som skal takast opp til engelskspråklege studieprogram, og studentar som deltek i internasjonale utvekslingsprogram, jf. forskrift om opptak til høgare utdanning § 2-2 femte ledd.
Engelsk frå Vg1 i norsk vidaregåande skule (140 årstimar) med karakteren 4 eller betre. International English Language Testing Service (IELTS) med minst 6.0 poeng. Test of English as a Foreign Language (TOEFL) med minst 550 poeng for Paper-based test (PBT), minst 213 poeng for Computer-based test (CBT), eller minst 80 poeng for Internet-based test (IBT). Pearson PTE Academic med minimum 59 poeng. Cambridge English Examinations med testene B2 First med resultatet B eller bedre, eller C1 Advanced med resultatet C eller bedre, eller C2 Proficiency med resultatet C eller bedre. Annan dokumentasjon kan godkjennast etter individuell vurdering. Unntak frå kravet for enkeltstudium eller emne kan fastsetjast av styret i studieplan eller emneplan.
(5) Styret kan i studieplan eller emneplan fastsetje spesielle opptakskrav til studium som ikkje vert omfatta av forskrift om opptak til høgare utdanning, jf. universitets- og høyskoleloven § 8-1.
(6) Der studium har opptakskrav om praksis, blir praksis rekna frå same dato som søkjar fekk autorisasjonen sin. Ved yrke utan autorisasjon, blir praksis rekna frå den datoen søkjar har fullført kvalifiserande utdanning.
§ 2-2 . Opptaksgrunnlag grunnutdanningar
Opptakskrav til årsstudium, bachelor- og integrert masterutdanning og vidareutdanningar utan krav om høgare utdanning, er generell studiekompetanse eller realkompetanse, eventuelt i kombinasjon med spesifikke fag- eller karakterkrav, slik det er fastsett i studieplanen eller forskrift om opptak til høgare utdanning.
§ 2-3 . Opptaksgrunnlag mastergradsutdanning
(1) For opptak til mastergrad gjeld forskrift om krav til mastergrad § 3, § 4 og § 5 og eventuelle rammeplanar.
(2) Spesifikke krav til fagleg grunnlag og faglege minstekrav for den enkelte utdanninga vert fastsett av styret i studieplanen, jf. § 2 i mastergradsforskriften.
(3) For mastergradsutdanningar som har opptakskrav om minst gjennomsnittskarakter C, må søkjar ha vekta gjennomsnitt på 2,5 tilsvarande 25,00 karakterpoeng for å oppfylle kravet, jf. § 4-3.
§ 2-4 . Opptaksgrunnlag vidareutdanning
(1) For opptak til vidareutdanningar utan rammeplan, gjeld dei opptakskrava som er fastsette i studieplanen eller emneplanen.
(2) For opptak til vidareutdanningar med rammeplan, gjeld dei opptakskrava som er fastsette i rammeplanen og eventuelle tilleggskrav som er fastsette av styret i studieplanen.
(3) For opptak til vidareutdanningar som er undervist på engelsk eller andre framandspråk, kan studie- eller emneplan fastsetje unntak frå krav til dokumenterte kunnskapar i norsk.
§ 2-5 . Opptaksgrunnlag praktisk-pedagogisk utdanning
(1) For opptak til praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag gjeld minstekrav for opptak bestemt i forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning, i tillegg til krav som går fram av studieplanen.
(2) For opptak til praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag gjeld minstekrav for opptak bestemt i forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag for trinn 8–13, i tillegg til krav som går fram av studieplanen.
(3) Det er berre mogleg å få opptak til éin didaktisk fagprofil.
profesjonsretta bachelorgrad og minimum to års relevant yrkespraksis, eller fag-/sveinebrev eller anna fullført treårig yrkesutdanning på vidaregåande nivå, generell studiekompetanse, minst to års yrkesteoretisk utdanning og fire års relevant yrkespraksis.
mastergrad som inneheld minst eitt relevant fag som gir kompetanse til å undervise, jf. forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova kapittel 14. I tillegg må søkjaren ha fordjuping på minst 60 studiepoeng i eit av undervisningsfaga Høgskulen på Vestlandet har som didaktisk profil, eller bachelorgrad i utøvande eller skapande kunstfag i finansieringskategori A eller B, med minimum 180 studiepoeng i kunstfaget, eller bachelorgrad i teiknspråk og tolking (døvetolkutdanning), med minst 80 studiepoeng i teiknspråk. Det er krav om minst gjennomsnittskarakter C, med vekta gjennomsnitt på 3,0 tilsvarande 30 karakterpoeng eller betre frå bachelorgraden, eller bachelorgrad med inntil tre fag som gir kompetanse til å undervise i praktiske og/eller estetiske fag i grunnskulen. Eitt av faga kan erstattast av drama/teaterfag. Det må inngå fordjuping på minst 120 studiepoeng i eitt fag. Dei andre faga må ha eit omfang på minst 30 studiepoeng. Det er krav om minst gjennomsnittskarakter C, med vekta gjennomsnitt på 3,0 tilsvarande 30 karakterpoeng eller betre frå bachelorgraden.
(6) Søkjarar som har bachelorgrad i praktiske og estetiske fag etter femte ledd bokstav d, kan kvalifisere for opptak til praktisk-pedagogisk utdanning for siste gang med oppstart våren 2025.
§ 2-6 . Opptaksgrunnlag forkurs og realfagskurs
(1) For opptak til forkurs og realfagskurs gjeld nasjonal plan for eittårig forkurs for treårig ingeniørutdanning og integrert masterstudium i teknologiske fag og tilhøyrande halvårleg realfagskurs, fastsett av Universitets- og høgskolerådet i nasjonale retningslinjer for ingeniørutdanning.
(2) Søkjarar til forkurs, som har generell studiekompetanse som opptaksgrunnlag, kan få tilbod om plass på forkurset dersom det er ledige plassar.
(3) Søkjarar til realfagskurs, som møter opptakskrava og har matematikk og fysikk frå før, kan få tilbod om plass på realfagskurset dersom det er ledige plassar.
§ 2-7 . Opptaksgrunnlag søkjarar til tresemesterordninga (TRESS)
Opptakskrav til tresemesterordninga er generell studiekompetanse, teknisk fagskule eller realkompetanse.
§ 2-8 . Opptaksgrunnlag Y-veg
For opptak til Y-veg må søkjar ha relevant fagbrev, sveinebrev eller yrkeskompetanse frå vidaregåande skule. For søkjarar som har oppnådd fag- eller sveinebrev, eller yrkeskompetanse etter 3 år i skule er det krav om minimum 12 månader yrkespraksis etter avlagt fag- eller sveineprøve. Krav utover fag- eller sveinebrev går fram av studieplanen.
§ 2-9 . Opptaksgrunnlag eittårig fagskuleutdanning for yrkesdykkarar
generell studiekompetanse, eller fullført fagopplæring med fag- eller sveinebrev innanfor relevant fagområde eller fullført treårig yrkesfaglig opplæring innanfor relevant fagområde eller realkompetanse.
bestått opptaksprøve gyldig helseerklæring for arbeidsdykking fylt 18 år ved studiestart.
§ 2-10 . Opptaksgrunnlag overflyttingsopptak
(1) Før ein søkjar får vurdert om han eller ho tilfredsstiller opptaksgrunnlaget, må fakultetet bestemme om det skal opnast for søknader om overflytting på den aktuelle utdanninga, jf. § 8-6 fjerde ledd.
Søkjaren oppfyller dei faglege vilkåra for opptak til studieprogrammet. Søkjaren har tilsvarande fagleg progresjon som det kullet det vert søkt om opptak til. Søkjaren må normalt ha meir enn eitt semester att for å fullføre utdanninga som skal gjennomførast på utdanningsprogrammet studenten søkjer om overflytting til, sjå tilknytingskravet i forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet § 14-1 første ledd. Søkjaren må på søknadstidspunktet ha aktiv studierett eller gyldig permisjon ved Høgskulen på Vestlandet eller annan lærestad som er omfatta av universitets- og høyskoleloven. Fakulteta kan opne for søkjarar utan studierett som fyller dei andre kriteria for overflyttingsopptak.
§ 2-11 . Opptaksgrunnlag enkeltemne
(1) For å få opptak til enkeltemne, må søkjaren dekka opptakskrava til utdanninga som emnet inngår i. Eventuelle krav om fagleg forkunnskap for emnet må òg dekkast, jf. forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet § 4-7.
(2) Ved opptak til enkeltemne som er undervist på engelsk eller andre framandspråk, kan studie- eller emneplan fastsetje unntak frå krav til dokumenterte kunnskapar i norsk.
§ 2-12 . Opptaksgrunnlag betalingsstudium/oppdragsstudium
Alle oppdragsstudium og betalingsstudium som gir utteljing i studiepoeng, høyrer til ein av kategoriane i § 2-2 til § 2-8 i denne forskrifta, og har tilsvarande opptakskrav og rangeringsreglar.
§ 2-13 . Opptaksgrunnlag andre studium
For studieprogram og emne som ikkje har nasjonale rammeplanar og føringar, gjeld opptakskrav og fagleg grunnlag slik dei går fram av studie- eller emneplanen.
Kapittel 3. Realkompetanse
§ 3-1 . Realkompetanse
(1) Høgskulen kan gi søkjarar som er 25 år eller eldre i opptaksåret, og som manglar generell studiekompetanse, opptak på grunnlag av realkompetanse, jf. universitets- og høyskoleloven § 8-2 og forskrift om opptak til høgare utdanning § 3-1.
(2) For å få tilbod om studieplass må søkjaren dokumentere likeverdige ferdigheiter og kunnskapar som søkjarar som får tilbod om plass etter ordinære rangeringsreglar, jf. kapittel 4 i denne forskrifta.
§ 3-2 . Realkompetanse for opptak til studium som krev generell studiekompetanse
Søkjaren har ikkje generell studiekompetanse. Spesielle opptakskrav på studieprogrammet må vere oppfylt. Søkjaren må ha minst fem års fulltids arbeidserfaring, der minst tre er relevante for studiet det vert søkt om opptak til. Deltid vert rekna om til heiltid. Inntil to av dei fem åra kan vere ulønna arbeid, utdanning, organisasjonserfaring og/eller liknande. Søkjarar til emne på inntil 30 studiepoeng eller studieprogram på 30 studiepoeng må ha minst fem års arbeidserfaring i minst 50 %, der minst tre år er relevante for studiet det vert søkt om opptak til. Inntil to av dei fem åra kan vere ulønt arbeid, utdanning, organisasjonserfaring og/eller liknande. Alle søkjarar må ha naudsynte kunnskapar i norsk (eller anna nordisk språk) og engelsk for å kunne gjennomføre studiet. Kunnskapar i faga norsk, matematikk og engelsk vert særskilt vektlagt. Søkjarar med morsmål frå land utanfor Norden må dokumentere at dei fyller krav til norsk tilsvarande kravet til generell studiekompetanse, med grunnlag i krav i forskrift om opptak til høgare utdanning. Unntak kan gjerast dersom utdanninga i sin heilheit vert gjennomført på engelsk eller for søkjarar med 3-årig vidaregåande opplæring frå Noreg eller anna nordisk land. Ved opptak til emne på inntil 30 studiepoeng eller studieprogram på 30 studiepoeng, der det ikkje er fagleg nødvendig med engelskkunnskapar, kan studie- eller emneplan fastsetje unntak for dokumentasjon av engelskkunnskapar. Søkjar til studieprogram på 60 studiepoeng eller meir må gjere greie for eigen motivasjon og forventing til studiet, samt ein eigenvurdering av kvifor søkjar meiner å kunne gjennomføre studiet.
(2) Søkjarar kan ikkje bli vurdert for realkompetanse dersom studiet har krav om eit bestemt minimumstal på skulepoeng, slik som til dømes grunnskulelærar- og faglærarutdanningane.
§ 3-3 . Realkompetanse for opptak til yrkesfagleg praktisk-pedagogisk utdanning (PPU-Y)
Generell studiekompetanse, eller Eitt år yrkesteoretisk utdanning.
(2) I særlege tilfelle, til dømes for yrkesfaglege profilar utan tilbod om yrkesteoretisk utdanning, kan søkjarar utan yrkesteoretisk utdanning og generell studiekompetanse realkompetansevurderast.
§ 3-4 . Realkompetanse for opptak til studium som krev høgare utdanning
Realkompetansevurdering ved opptak til studium som krev høgare utdanning er berre mogleg der studieplanen eller emneplanen opnar for dette med spesifikke faglege krav. Rektor kan for særlege studietilbod gjere unntak frå kravet om dokumentasjon av norskkunnskapar.
Kapittel 4. Rangering
§ 4-1 . Poengutrekning og rangering av søkjarar til grunnutdanningar
(1) Ved opptak til grunnutdanningar vert søkjarar poengutrekna og rangerte etter føresegner gitt i kapittel 7 i forskrift om opptak til høgare utdanning, unntak frå dette i lokale opptak skal ha heimel i studieplanen.
(2) Realkompetansesøkjarar vert rangerte i forhold til andre søkjarar på grunnlag av ei heilskapleg skjønnsmessig vurdering. Omfanget og relevansen av praksis, utdanning og motivasjon vert vektlagd.
§ 4-2 . Generelle føresegner om rangering av søkjarar til studium i lokale opptak
(1) Grunnlaget for rangeringa er den dokumentasjonen som kvalifiserer søkjaren for eit studium, jf. kapittel 2 i denne forskrifta. Søkjarane vert rangerte innbyrdes i kvotar på grunnlag av konkurransepoeng.
Ved lik poengsum i ei kvote skal eldre søkjarar rangerast framfor yngre, om ikkje anna er oppgitt i studieplanen. Styret kan fastsetje i studieplanen at det kjønnet som er underrepresentert i ei kvote skal prioriterast.
(3) Dersom ein søkjar har fleire gyldige opptaksgrunnlag etter kapittel 2, vert grunnlaget som gir best resultat for søkjaren valt.
(4) Dersom det er ledige studieplassar på eit studium etter opptak, kan ledige studieplassar tilbydast kvalifiserte søkjarar. Søkjarane blir rangert etter tidspunkt søknaden vert motteken.
§ 4-3 . Poengutrekning og rangering av søkjarar til mastergrad, praktisk-pedagogisk utdanning og vidareutdanningar på høgare grads nivå
Karakterpoeng Det vert rekna ut eit vekta karaktergjennomsnitt av opptaksgrunnlaget. Vekta gjennomsnitt er eit gjennomsnitt der kvart emne i grunnlaget er tillagt vekt etter talet på studiepoeng emnet har. Styret kan fastsetje i studieplanen eller emneplanen at berre delar av opptaksgrunnlaget skal inngå i karakterpoengsummen. Utdanningspoeng: Det kan bli gitt utdanningspoeng for greidd høgare utdanning ut over minstekravet for opptak etter kapittel 2 i denne forskrifta. Normalt 1 poeng per 30 studiepoeng og maksimalt 4 poeng med mindre anna er fastsett i studieplan eller emneplan. Praksispoeng Det blir gitt poeng for relevant arbeidserfaring når studiet har opptakskrav om praksis, eller dersom det er fastsett i studie- eller emneplan. Normalt to poeng per 12 månadar med relevant praksis utover opptaksgrunnlaget, og maksimalt seks poeng, med mindre anna er fastsett i studie- eller emneplan. Deltid vert rekna om til heiltid. Praksis som søkjaren har gjennomført før kvalifiserande utdanning og praksis som inngår i kvalifiseringsgrunnlaget, er ikkje medrekna i grunnlaget for praksispoeng. Andre tilleggspoeng: Med utgangspunkt i særlege omsyn som er knytte til enkelte studium, kan styret fastsetje andre poengtypar i studieplanen eller emneplanen.
(2) For søkjarar med bokstavkarakterar eller talkarakterar vert følgjande omrekningsskala nytta som grunnlag for utrekning av gjennomsnittskarakter som fører fram til ein talverdi: Bokstavkarakter Talkarakter Gamle bokstavkarakterar Gir følgjande talverdi A 1,0–2,2 Særs godt (sg) 5 B 2,3–2,5 Mykje godt (mg) 4 C 2,6–2,7 Godt (g) 3 D 2,8–3,0 Noko godt (ng) 2 E 3,1–4,0 Lite godt (lg) 1
(3) Det er berre fag med tal eller bokstavkarakterar som tel med i utrekninga av karaktersnitt. Der det ikkje er vekting på karakterutskrifter og vitnemål skal det reknast snitt av alle gjeldande karakterar.
(4) På vitnemål utan tal-/bokstavkarakter reknast karakteren «bestått/greidd» som C = 3. I særlege tilfelle kan anna høgare utdanning enn den som inngår i det formelle opptaksgrunnlaget, bli teken med i rangeringa. Søknaden vert då rangert etter § 4-13 i denne forskrifta.
(5) Utvekslingsopphald på 30 studiepoeng eller meir vert tatt med i rangeringsgrunnlaget der det er utarbeida omrekningstabellar av NOKUT eller ved Høgskulen på Vestlandet. Omrekningstabellar frå Høgskulen vert utarbeida av opptakskontoret og fastsett av utdanningsutvalet.
§ 4-4 . Rangering av søkjarar til allmennfagleg praktisk-pedagogisk utdanning (PPU-A)
Søkjarar vert rangert etter § 4-3, men kan i tillegg få 6 poeng for dokumentert tilsetting i skule. Poengtype Forklaring + Karakterpoeng Vekta karaktersnitt x 10 (maksimalt 50 poeng) + Utdanningspoeng 1 poeng per 30 sp. Maksimalt 4 poeng Andre tilleggspoeng 6 poeng for dokumentert tilsetting i skule = Konkurransepoengsum
§ 4-5 . Rangering av søkjarar til yrkesfagleg praktisk-pedagogisk utdanning (PPU-Y)
Søkjarar vert rangert med bakgrunn i opptaksgrunnlaget i kapittel 2. Poengtype PPU-Y, profesjonsretta bachelorgrad PPU-Y, fag-/sveinebrev og yrkesteoretisk utdanning Karakterpoeng Vekta karaktersnitt av bachelorgraden x 10 Vanleg gjennomsnitt av karakterar i den yrkesteoretiske utdanninga x 10 Utdanningspoeng 1 poeng per 30 studiepoeng fagleg fordjuping utover opptaksgrunnlaget. Maksimalt 4 poeng Det vert ikkje gitt poeng i denne kategorien Praksispoeng Det vert ikkje gitt poeng i denne kategorien 2 poeng per 12 månader med relevant praksis utover opptaksgrunnlaget, maksimalt 6 poeng. Andre tilleggspoeng 6 poeng for dokumentert tilsetting i skule 6 poeng for dokumentert tilsetting i skule = Konkurransepoengsum
§ 4-6 . Rangering av søkjarar til realfagskurs og tresemesterordninga (TRESS)
Ved opptak til realfagskurs og tresemesterordninga vert søkjarar poengutrekna og rangerte berre i ordinær kvote etter føresegner gitt i kapittel 7 i forskrift om opptak til høgare utdanning.
§ 4-7 . Rangering av søkjarar til forkurs
Søkjarar vert rangert på grunnlag av opptaksgrunnlaget i kapittel 2. Poengtype Forklaring Karakterpoeng Karaktersnitt frå yrkesfagleg vidaregåande utdanning 1 x 10 + Poeng for fagbrev 5 poeng + Poeng for praksis innanfor relevante yrkesfaglege områder 1 poeng pr. 12 månader, maksimalt 5 poeng + Kjønnspoeng 2 tilleggspoeng for kvinnelege søkjarar = Konkurransepoengsum
1 Fellesfaga vert berre telt på høgaste nivå, det betyr at til dømes karakterane i norsk, engelsk og kroppsøving berre tel frå vg2.
§ 4-8 . Rangering av søkjarar til y-veg
Søkjarar vert rangert på grunnlag av opptaksgrunnlaget i kapittel 2. Poengtype Forklaring Karakterpoeng Karaktersnitt frå yrkesfagleg vidaregåande utdanning 2 x 10 + Poeng for relevant arbeidspraksis utover opptakskravet 1 poeng pr. 12 månader, maksimalt 5 poeng + Poeng for kjønn der det er gitt i studieplanen 2 poeng = Konkurransepoengsum
2 Fellesfaga vert berre telt på høgaste nivå, som til dømes at karakterane i norsk, engelsk og kroppsøving berre tel frå vg2.
§ 4-9 . Rangering av søkjarar til eittårig fagskuleutdanning for yrkesdykkarar
Ved opptak til eittårig fagskuleutdanning for yrkesdykkarar vert søkjarar poengutrekna og rangerte etter føresegner gitt i kapittel 3 i forskrift om høyere yrkesfaglig utdanning.
§ 4-10 . Rangering av søkjar ved overflyttingsopptak
(1) Dersom det er fleire søkjarar enn plassar og ikkje anna er fastsett, vert søkjarane rangert på grunnlag av poengutrekning som i nasjonalt samordna opptak.
(2) Søkjarar til integrert masterstudium som har fullført minimum 120 studiepoeng, og søkjarar til toårige studieprogram som har fullført minimum 60 studiepoeng, vert rangert etter § 4-3. Ved poenglikskap mellom to eller fleire søkjarar, vert søkjarar med studierett ved Høgskulen på Vestlandet prioritert.
§ 4-11 . Rangering av søkjarar til enkeltemne
Dersom det er fleire kvalifiserte søkjarar enn ledige plassar på eit emne, vert det gjennomført rangering av søkjarane basert på høgast poengsum. For enkeltemne på bachelornivå gjeld § 4-1. For enkeltemne på master- eller vidareutdanningsnivå gjeld § 4-2 og § 4-3.
§ 4-12 . Rangering av søkjarar til oppdragsstudium, betalingsstudium
Oppdragsstudium er ikkje omfatta av § 4-1 til § 4-3 i denne forskrifta. Oppdragsgjevar kan rangere søkjarane sine etter høgskulen har godkjent opptaksgrunnlaget. Viss oppdragsgjevar ikkje sjølv ønskjer å rangere søkjarane, blir rangering gjort etter ordinære reglar fastsett i denne forskrifta.
§ 4-13 . Rangering av søkjarar som ikkje kan poengutreknast
(1) Kvalifiserte søkjarar som ikkje kan poengutreknast etter § 4-1 til § 4-12 i denne forskrifta, skal rangerast etter ei individuell skjønnsmessig vurdering av søkjaren sitt opptaksgrunnlag, jf. forskrift om opptak til høgare utdanning § 7-12.
(2) For å få tilbod om opptak vert det kravd likeverdige ferdigheiter og kunnskapar med søkjarar som får tilbod om opptak etter rangering på grunnlag av poengutrekning.
§ 4-14 . Anna rangering
(1) Når utdanningar har rangerbare prøver som opptakskrav, kan prøvane nyttast ved rangering av søkjarar, der det er fastsett i studie- eller emneplan. Ved poenglikskap gjeld føresegn i § 4-2 (2).
(2) For utdanningar som ikkje er dekka av andre paragrafar i denne forskrifta, kan det utarbeidast retningslinjer om rangering. Retningslinjene skal utarbeidast samstundes som studieplan vert utarbeidd.
Kapittel 5. Opptaksrammer og kvotar
§ 5-1 . Opptaksrammer og kvotar
(1) Styret sjølv fastset årleg tal studieplassar som gir ei opptaksramme for dei enkelte studieprogramma, jf. universitets- og høyskoleloven § 8-3.
(2) Styret, eller den eininga styret nemner opp, gjennomfører opptak av studentar.
(3) Styret kan i studieplanen eller emneplanen fastsetje kvotar for søkjarar med ulike søkjargrunnlag.
(4) Opptak til studia skjer på grunnlag av rangering innanfor kvotar. Kvote er eit bestemt tal eller ein bestemt del av studieplassane som vert fordelt blant søkjarar som tilfredsstiller nærmare bestemte krav. Eit krav i ein kvote kan vere eit bestemt kjønn, tilsetjingsforhold, geografi, faglege forhold, nasjonale og internasjonale avtalar eller institusjonstilknyting.
(5) Styret kan i studieplanen fastsetje kvotar med krav til bestemt søkjargrunnlag hos søkjaren.
Kapittel 6. Opptak og tilbod på vilkår
§ 6-1 . Tilbod om opptak før opptaksgrunnlaget er oppfylt
(1) Søkjar som ikkje oppfyller heile opptaksgrunnlaget på søknadstidspunktet, kan få tilbod om opptak på vilkår dersom søkjaren oppfyller opptaksgrunnlaget innan 1. juli for opptak til haustsemesteret og 1. desember for opptak til vårsemesteret. Høgskulen kan gjere unntak frå fristen i tilbodsbrevet.
(2) Søkjaren må i søknaden dokumentere at opptaksgrunnlaget skal bli dekka innan gitt frist.
(3) Søkjarar som ikkje oppfyller dei gitte vilkåra for opptak innan fristen, tapar studieplassen.
(4) Søkjarar frå utanfor EU/EØS får ikkje tilbod på vilkår i det internasjonale opptaket.
§ 6-2 . Opptak på visse vilkår
(1) I særlege tilfelle kan søkjar som manglar eitt emne på inntil 20 studiepoeng eller to eller fleire emne på inntil 15 studiepoeng for å dekka opptaksgrunnlaget til ei utdanning, få opptak til studiet på visse vilkår og starte på utdanninga. Vilkåret for slikt opptak er at studenten oppfyller opptaksgrunnlaget på utdanninga innan frist gitt i tilbodsbrevet.
(2) Døme på særlege tilfelle kan vere når søkjar ikkje har hatt moglegheit til å gå opp til eksamen grunna sjukdom, ulukker eller dødsfall i nær familie. Andre særlege tilfelle kan òg gi grunnlag for opptak på vilkår. Særlege tilfelle må dokumenterast ved attest frå lege, anna helsepersonell, politi, høgskulen eller tilsvarande.
(3) Opptak på visse vilkår vert berre gitt når søkjaren dekker faglege minstekrav og eventuelle krav til fordjuping, jf. kapittel 2 og studieplanen. I tillegg må søkjaren dokumentere tilstrekkelege kunnskapar i norsk og engelsk, jf. § 2-1. Opptak på vilkår gir ikkje dispensasjon frå forkunnskapskrav som er fastsett i eit emne.
(4) Opptak på vilkår vert ikkje gitt til utdanningar der yrkeserfaring er ein del av opptaksgrunnlaget.
(5) Studentar som ikkje oppfyller dei gitte vilkåra for opptak innan fristen, taper studieplassen.
Kapittel 7. Felles føresegner om administrative forhold
§ 7-1 . Reservert studieplass
(1) Tildelt studieplass kan reserverast til neste gong det er opptak til studiet dersom det ligg føre dokumenterte, tungtvegande grunnar. Slike grunnar kan vere førstegongsteneste, fødsel, adopsjon eller langvarig sjukdom / opphald på sjukehus.
(2) Det vert normalt ikkje innvilga reservert plass for meir enn eitt år der studiet har oppstart årleg. Det vert gjort unntak for søkjar som vert innkalla til militærteneste. I slike tilfelle kan søkjaren få innvilga inntil to år i særskilde tilfelle.
(3) Søknad om reservering av studieplass må leggast fram innan tre veker etter at ein har motteke tilbod om studieplass.
(4) Reservasjon av studieplass er ikkje mogleg når ein har fått opptak via ledige studieplassar.
(5) Rektor kan i særlege tilfelle tilby reservasjon av studieplassar til søkjarar når dette er grunngitt i kapasitet, organisering eller særskilte tilhøve som ikkje er knytt til enkeltpersonar.
§ 7-2 . Oppmøte og registrering ved studiestart
(1) Ved opptak er det er obligatorisk å gjennomføre oppmøteregistrering ved studiestart, med mindre anna er oppgitt. Registreringa kan vere fysisk eller digital. Ein tapar studieretten om ein ikkje har fullført oppmøteregistrering innan gitt frist.
(2) Søkjar som ikkje kan møte til studiestart må sende skriftleg melding til opptakskontoret og få fråværet godkjent. Opptak kan godkjenne fråværet i forkant av studiestart og registrering dersom det ligg føre gode grunnar.
§ 7-3 . Førehandsløfte
(1) Høgskulen på Vestlandet kan gi førehandsløfte til kvalifiserte søkjarar som med god margin ville ha komme inn ved siste opptak. Vurderinga vert gjort på grunnlag av tilhøva på studiet og søkjartala på det enkelte studium.
Søkjaren er i jobb og har oppseiingstid eller må søkje permisjon. Dette må dokumenterast med attest frå arbeidsgjevar om oppseiingstid eller permisjon, eller arbeidskontrakt og lønsslipp frå den siste månaden. Søkjaren er sjølvstendig næringsdrivande og skal avvikle verksemda i samband med studium. Dette må dokumenterast med attest frå Skatteetaten eller føretaksregister om sjølvstendig næringsverksemd. Søkjaren må flytte med familie på grunn av jobb, barnehageplass eller skulebyte. Dette må dokumenterast med bustadattest frå Skatteetaten for søkjar og borna, eller søkjar og ektefelle/sambuar.
§ 7-4 . Fristar
(1) Søknadsfristar for opptak til Høgskulen på Vestlandet sine studium vert kunngjorde samstundes med utlysing av studieprogramma.
(2) All dokumentasjon som skal liggje til grunn for opptak, må følgje søknaden. Vitnemål eller karakterutskrifter for utdanning og praksis som vert avslutta i det semesteret opptaket skjer, må ettersendast innan den fristen som er gitt av høgskulen.
§ 7-5 . Verifisering av dokumentasjon
(1) Høgskulen på Vestlandet kan krevje at søkjarane legg fram original av dokument som skal liggje til grunn for opptak for å vurdere om desse er ekte, jf. universitets- og høyskoleloven § 12-1.
(2) Dersom høgskulen finn at dokumentasjonen er mangelfull ved verifikasjon, kan dette føre til at søkjaren ikkje får opptak.
(3) Bruk av falske vitnemål eller andre falske dokument er forbode og vert meldt til politiet, jf. universitets- og høyskoleloven § 12-1.
(4) I tilfelle søkjar har nytta falskt vitnemål, falske dokument eller dokument frå falske institusjonar vert saka sendt til klagenemnda for vurdering og vedtak, jf. universitets- og høyskoleloven § 14-1 andre ledd.
§ 7-6 . Utlysing og avlysing av studium
(1) Hovudfristen for å melde inn studium for etterfølgjande år er 1. desember, jf. forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet kapittel 3.
(2) Styret kan gjere vedtak om avlysing av opptak til ei utdanning dersom det ikkje er nok kvalifiserte søkjarar.
(3) Trekk av studium i det lokale opptaket må skje i rimeleg tid etter at søkjartala er kunngjort.
(4) Fakultetet gjer vedtak om utlysing av enkeltemne og om det er kapasitet på det enkelte studium for overflyttingsopptak, jf. § 2-10. Fakulteta kan opne for søkjarar utan gyldig studierett som fyller dei andre kriteria for overflyttingsopptak.
§ 7-7 . Politiattest
(1) I studium der studentar kan komme i kontakt med mindreårige eller andre sårbare grupper som del av praksisstudium eller klinisk undervisning, er det krav om at studentar leverer politiattest ved opptak, jf. forskrift om opptak til høgare utdanning kap. 6.
(2) Student utan merknad på politiattesten leverer politiattest ved studiestart.
(3) Student med merknad på politiattesten skal levere politiattesten seinast tre veker etter mottak av tilbod om studieplass.
§ 7-8 . Klage
(1) Enkeltvedtak som er gjorde med heimel i denne forskrifta, kan klagast på, jf. forvaltningsloven § 28 til § 32. Klagefristen er 3 veker frå den dagen resultatet av opptaket er offentleggjort, eventuelt 3 veker frå tidspunktet ein har fått grunngjeving.
(2) Klage på enkeltvedtak i samband med opptak organisert gjennom nasjonalt samordna opptak, vert handsama av Nasjonal klagenemnd for opptak, jf. universitets- og høyskoleloven § 14-2 og forskrift om opptak til høgare utdanning § 8-1.
(3) Klage som gjeld opptak etter universitets- og høyskoleloven § 8-1 fjerde ledd og § 8-2, vert vurdert av klagenemnda ved Høgskulen på Vestlandet, jf. forskrift om opptak til høgare utdanning § 8-1 andre ledd.
(4) Klage på enkeltvedtak i samband med opptak til studium som ikkje inngår i samordna opptak, vert vurdert av klagenemnda ved Høgskulen på Vestlandet, jf. universitets- og høyskoleloven § 14-1.
Kapittel 8. Rettleiing og iverksetjing
§ 8-1 . Rettleiing til forskrifta
Styret eller det organet styret nemner opp, kan vedta ei rettleiing til denne forskrifta til hjelp for sakshandsamarar og studentar.
§ 8-2 . Iverksetjing
Forskrifta trer i kraft 1. august 2024. Frå same tid vert forskrift 31. januar 2019 nr. 446 om opptak til Høgskulen på Vestlandet oppheva.