Hopp til innhold
Forskriftsendring
Nynorsk
Justis- og beredskapsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om våpen, skytevåpen, våpendelar og ammunisjon

LTI/forskrift/2024-07-19-1799·Kunngjort 22. juli 2024·Journalnr. 2024-0857

I kraft fra: 2024-08-01

I

I forskrift 7. mai 2021 nr. 1452 om våpen, skytevåpen, våpendelar og ammunisjon (våpenforskrifta) gjerast følgjande endring:

§ 5-3 skal lyde:

Politiet kan gje næringsdrivande løyve til å erverve og ha skytevåpen og våpendelar for avliving av tamdyr eller felling av skadedyr.

Politiet kan gje løyve etter første ledd til ei komplett rifle, eitt kombinasjonsvåpen eller eitt haglevåpen som er tillatne til jakt etter våpenlova § 11 andre ledd og kapittel 3 i denne forskrifta, samt våpendelar til dette skytevåpenet. Politiet kan berre gje løyve etter første ledd til personar som kan dokumentere å ha tilstrekkeleg våpendugleik, som til dømes gjennomført førstegongsteneste eller aktivitet i godkjent skyttarorganisasjon. Gjeld søknaden ein juridisk person, må organisasjonen dokumentere at dei våpenansvarlege etter våpenlova § 17 har våpendugleik som nemnt i andre punktum.

Politiet kan gje løyve til oppsynet som nemnd i naturoppsynsloven § 1 for avliving og immobilisering av vilt. Politiet kan gje løyve til våpentypar og våpendelar og det talet på våpen og våpendelar som er naudsynt for at oppsynet skal kunne utføre oppgåver pålagt i eller i medhald av lov. Andre ledd andre og tredje punktum gjeld tilsvarande.

Politiet kan gje løyve etter våpenlova § 18 andre ledd til tilsette i oppsynet som nemnd i tredje ledd. Andre ledd andre punktum gjeld tilsvarande.

II

Forskrifta trer i kraft 1. august 2024.