Hopp til innhold
Forskriftsendring
Nynorsk
Landbruks- og matdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om vern av Eplejuice frå Hardanger / Eplemost frå Hardanger som geografisk nemning

LTI/forskrift/2024-08-08-1910·Kunngjort 9. august 2024·Journalnr. 2024-0890

I kraft fra: 2024-08-08

I

I forskrift 22. november 2005 nr. 1468 om vern av Eplejuice frå Hardanger/Eplemost frå Hardanger som geografisk nemning gjer ein desse endringane:

§ 3 nr. 1 første ledd skal lyda:

Eplejuice frå Hardanger / Eplemost frå Hardanger er laga av eple dyrka og pressa i Hardanger. Samansetjinga kan variere frå ein sort til fleire sortar. Nemninga omfattar både eplejuice som er filtrert og som ikkje er filtrert.

§ 3 nr. 2 andre setning skal lyda:

Hardanger omfattar kommunane Kvam, Ulvik, Eidfjord og Ullensvang og dessutan dei sørlege delane av Voss, tidlegare Granvin kommune.

II

Endringane trer i kraft straks.