Forskriftsendring
Nynorsk
Landbruks- og matdepartementet
Forskrift om endring i forskrift om tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv.
LTI/forskrift/2024-08-29-2050·Kunngjort 30. august 2024·Journalnr. 2024-0943
I kraft fra: 2025-01-01
I
I forskrift 19. desember 2014 nr. 1821 om tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv. vert det gjort følgande endring:
§ 4 andre ledd skal lyde:
Tilskot etter første ledd stansar når det er utbetalt tilskot for personen i til saman 425 dagar i løpet av dei tre siste åra. Teljinga av dagar tek til på nytt kvar gong det er gått 26 samanhengande veker sidan den siste dagen i den føregåande perioden det har vore utbetalt tilskot for.
II
Endringa trer i kraft 1. januar 2025.