Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kommunal- og distriktsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om bustøtte

LTI/forskrift/2024-09-23-2234·Kunngjort 24. september 2024·Journalnr. 2024-1013

I kraft fra: 2024-10-01

I

I forskrift 29. november 2012 nr. 1283 om bustøtte gjøres følgende endringer:

§ 5 første og andre ledd skal lyde:

Grunnlaget for omrekning av inntekt jf. § 7, er inntekta og formuen til alle medlemane i husstanden, med nokre unnatak. Inntekta og formuen til barn under 18 år teller ikkje med når dei ikkje sjølv er hovudsøkjar. Inntekta til vaksne under 20 år teller ikkje med når dei ikkje sjølv er hovudsøkjar.

Opplysingar om inntekt blir henta inn frå Skatteetaten kvar månad på bakgrunn av tal frå a-ordninga, jf. lov 22. juni 2012 nr. 43 om arbeidsgivers innrapportering av ansettelses- og inntektsforhold m.m.

§ 6 skal lyde:

Til inntekta blir det lagt 65 prosent av den delen av netto formuen til husstanden som er att når eit fribeløp er trekt frå. Fribeløpet er kr 324 788 for husstandar i leigde bustadar. For andre husstandar er fribeløpet formuesverdien av eigen bustad inntil kr 682 053.

II

Forskriften trer i kraft 1. oktober 2024.