Hopp til innhold
Forskriftsendring
Nynorsk
Kunnskapsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa

LTI/forskrift/2024-11-01-2626·Kunngjort 1. november 2024·Journalnr. 2024-1189

I kraft fra: 2024-11-01

I

I forskrift 3. juni 2024 nr. 900 om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringsforskrifta) blir denne endringa gjort:

Nytt tredje ledd i § 23-7 skal lyde:

Dei som var deltakarar i forsøk med modulstrukturert fag- og yrkesopplæring for vaksne, og som har fått godkjent alle nødvendige modular etter forsøkslæreplanane eller Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020 innan 31. juli 2025, treng ikkje bestå ein skriftleg eksamen før dei tar fag- eller sveineprøva. Dei som skal ta fag- eller sveineprøva i lærefag der det i forsøket var eit krav om kunnskapstest før oppmelding, må bestå ein slik test før dei tar prøva.

II

Forskrifta trer i kraft straks.