Hopp til innhold
Forskriftsendring
Nynorsk
Kunnskapsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om tilbakebetaling av utdanningslån

LTI/forskrift/2024-12-19-3321·Kunngjort 20. desember 2024·Journalnr. 2024-1606

I kraft fra: 2025-01-01

I

I forskrift 15. desember 2022 nr. 2259 om tilbakebetaling av utdanningslån blir det gjort følgjande endringar:

§ 15 andre ledd andre punktum skal lyde:

Terminbeløpa blir fastsette på grunnlag av 20 års nedbetalingstid for lån over 311 000 kr.

§ 21 tredje ledd skal lyde:

Oppseiinga blir oppheva dersom låntakaren betaler eller får betalingsutsetjing for det forfalne beløpet. Når oppseiinga blir oppheva, trekkjer Lånekassen saka tilbake frå Statens innkrevjingssentral, og låntakaren får igjen rekningar frå Lånekassen. Forseinkingsrentene vil inngå i den ordinære nedbetalinga av gjelda i Lånekassen.

§ 36 første ledd, tabell og andre ledd skal lyde:

Ein låntakar som har hatt ei brutto person- og kapitalinntekt per år som er under ei grense i tabellen nedanfor, kan få sletta rentene for så mange månader som er knytte til inntektsgrensa i tabellen, dersom minst eitt av vilkåra i § 38 eller § 39 var oppfylt desse månadene. Tal på månader med rett til sletting av renter Brutto person- og kapitalinntekt per år 2022 2023 2024 2025 1 369 406 kr 384 921 kr 403 782 kr 421 952 kr 2 363 307 kr 378 566 kr 397 116 kr 414 986 kr 3 357 206 kr 372 209 kr 390 447 kr 408 017 kr 4 351 104 kr 365 850 kr 383 777 kr 401 047 kr 5 345 004 kr 359 494 kr 377 109 kr 394 079 kr 6 338 901 kr 353 135 kr 370 439 kr 387 109 kr 7 332 802 kr 346 780 kr 363 772 kr 380 142 kr 8 326 702 kr 340 423 kr 357 104 kr 373 174 kr 9 320 599 kr 334 064 kr 350 433 kr 366 202 kr 10 314 498 kr 327 707 kr 343 765 kr 359 234 kr 11 308 395 kr 321 348 kr 337 094 kr 352 263 kr 12 302 297 kr 314 993 kr 330 428 kr 345 297 kr

Inntektsgrensene i tabellen blir heva med eit fast beløp for kvart barn som låntakaren har forsørgd, til og med det året barnet fyller 16 år. For 2025 blir inntektsgrensa heva med 18 710 kr for kvart barn. For 2024 blir inntektsgrensa heva med 17 904 kr for kvart barn. For 2023 blir inntektsgrensa heva med 17 068 kr for kvart barn. For 2022 blir inntektsgrensa heva med 16 380 kr for kvart barn.

§ 37 første ledd andre punktum, tabell og andre ledd skal lyde:

Den samla brutto person- og kapitalinntekta per år for låntakaren og ektefellen, partnaren eller sambuaren med felles barn skal ha vore under grensene i tabellen under. Samla brutto person- og kapitalinntekt per år Talet på barn 2022 2023 2024 2025 0 604 705 kr 630 103 kr 660 978 kr 690 722 kr 1 637 490 kr 664 265 kr 696 814 kr 728 171 kr 2 670 275 kr 698 427 kr 732 650 kr 765 620 kr 3 703 060 kr 732 589 kr 768 486 kr 803 069 kr 4 eller fleire 735 845 kr 766 751 kr 804 322 kr 840 518 kr

Inntektsgrensene i tabellen blir heva med eit fast beløp per år for kvart barn som låntakaren har forsørgd, til og med det året barnet fyller 16 år. For 2025 blir inntektsgrensa heva med 37 449 kr for kvart barn. For 2024 blir inntektsgrensa heva med 35 836 kr for kvart barn. For 2023 blir inntektsgrensa heva med 34 162 kr for kvart barn. For 2022 blir inntektsgrensa heva med 32 785 kr for kvart barn.

§ 38 første ledd første punktum og bokstav f og g skal lyde:

Fulltidsarbeid med låg brutto inntekt Låntakaren hadde i minst 12 månader i strekk fulltidsarbeid og samtidig låg gjennomsnittleg brutto månadsinntekt. Inntektsgrensa for 2025 er 20 487 kr, for 2024 19 605 kr, for 2023 18 689 kr og for 2022 17 936 kr. Låntakaren kan få sletta renter for opp til 36 månader til saman. Frivillig ulønt arbeid gir ikkje rett til sletting av renter. Soning Låntakaren sona i fengsel eller sikringsanstalt i minst 12 månader i strekk og hadde samtidig låg gjennomsnittleg brutto månadsinntekt. Inntektsgrensa for 2025 er 20 487 kr, for 2024 19 605 kr, for 2023 18 689 kr og for 2022 17 936 kr.

§ 39 første ledd første komma skal lyde:

Låntakarar som har hatt ei brutto person- og kapitalinntekt per år som er under grensene i § 36,

§ 41 første ledd andre punktum skal lyde:

Lånekassen hentar opplysningar om brutto person- og kapitalinntekt i Noreg direkte frå Skatteetaten.

§ 42 første ledd skal lyde:

I 2025 er det mogleg å søkje om sletting av renter for perioden frå og med 1. januar 2022. Krav om sletting av renter som gjeld forhold før 1. januar 2022, vil ikkje bli behandla. Unntak frå søknadsfristen kan gjerast i særlege tilfelle.

§ 44 nytt siste ledd skal lyde:

Frå 1. januar 2025 kan ikkje låntakarar begynne å tene opp rett til gjeldssletting etter denne føresegna.

hadde omsorg for barn født i 2015 eller seinare eller hadde særleg tyngjande omsorgsplikter i den næraste familien

hadde omsorg for barn født i 2015 eller seinare eller hadde særleg tyngjande omsorgsplikter i den næraste familien, og samtidig var meir enn 50 prosent yrkesaktiv utanfor tiltakssona

§ 68 skal lyde:

Ein låntakar med minst 50 prosent varig nedsett inntektsevne og som får uføretrygd eller ei tilsvarande yting frå ei utanlandsk trygdeordning, kan få sletta gjelda heilt eller delvis dersom brutto person- og kapitalinntekt i 2025 er 573 038 kr eller lågare.

Kravet til varig nedsett inntektsevne er 40 prosent dersom låntakaren fekk arbeidsavklaringspengar heilt fram til vedtaket om uføretrygd.

Låntakaren har rett til å få sletta gjeld etter tabellen nedanfor.

Tabell for 2025 over inntektsgrenser, ny gjeld og nytt terminbeløp etter sletting av gjeld Brutto person- og kapitalinntekt per år Ny gjeld Nytt terminbeløp 0–397 416 kr 0 kr 0 kr 397 417–441 190 kr 80 318 kr 858 kr 441 191–483 597 kr 93 666 kr 1 029 kr 483 598–528 347 kr 107 210 kr 1 213 kr 528 348–573 038 kr 120 559 kr 1 383 kr

Inntektsgrensene i tabellen blir heva med 18 710 kr per år for kvart barn som låntakaren forsørgjer, til og med det året barnet fyller 16 år. Avkasting av formuen til barn av låntakaren dersom formuen blir forvalta av statsforvaltaren, blir ikkje rekna med.

Søknaden om sletting av gjeld blir behandla etter vilkåra som gjeld i det året Lånekassen får søknaden. Dette gjeld også dersom vedtaket om uføretrygd er frå før søknadsåret.

Lånekassen hentar inntektsopplysningar frå Skatteetaten.

II

Endringane trer i kraft 1. januar 2025.