Forskrift om endring i forskrift om opptak til høgare utdanning
I kraft fra: 2025-01-16
I
I forskrift 6. januar 2017 nr. 13 om opptak til høgare utdanning er det gjort følgande endringar:
Grunnskulelærarutdanning for trinn 1–7, grunnskulelærarutdanning for trinn 5–10 og lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1–13 ved Høgskulen på Vestlandet. Grunnskolelærarutdanning for trinn 1–7, grunnskulelærarutdanning for trinn 5–10, lektorutdanning med engelsk i første studieår, lektorutdanning med framandspråk i første studieår, lektorutdanning med historie i første studieår, lektorutdanning med idrett i første studieår, lektorutdanning med norsk i første studieår, lektorutdanning med religion i første studieår og lektorutdanning med samfunnskunnskap i første studieår ved Universitetet i Agder.
§ 4-8 skal lyde:
For bachelorprogram og integrerte masterprogam som i sin heilskap har engelsk som undervisningsspråk, kan lærestadane sjølve fastsetje krav om at søkjarar må dokumentere minimum karakteren 4,0 i fellesfaget engelsk (140 timar). Kravet gjeld ikkje for søkjarar som kan dokumentere bestått programfag i engelsk med eit omfang på minst 140 timar eller tilsvarande.
§ 5-1 andre ledd skal lyde:
(2) Opptaksorganet kan gi opptak på visse vilkår der den vidaregåande skulen har stadfesta på søkjarens kompetansebevis at manglande eksamen har si årsak i spesielle omstende, jf. opplæringsforskrifta § 9-36.
§ 9-1 tiande ledd skal lyde:
(10) Søkjarar som har dokumentert engelsk med (2 + 2) veketimar frå grunnkurs og VKI i yrkesfagleg studieretning i Reform 94, oppfyller kravet om engelsk 140 timar, jf. føresegner gitt i medhald av opplæringsforskrifta § 23-5 om korleis fag kan erstatte kvarandre frå Reform 94 til Kunnskapsløftet.
II
Endringsforskrifta trer i kraft straks.