Forskrift om endring i forskrift om våpen, skytevåpen, våpendelar og ammunisjon (våpenforskrifta)
I kraft fra: 2025-05-01
I
I forskrift 7. mai 2021 nr. 1452 om våpen, skytevåpen, våpendelar og ammunisjon (våpenforskrifta) gjerast følgjande endringar:
§ 5-1 skal lyde:
Politiet kan gje løyve til å erverve og ha skytevåpen og våpendelar til personar som skal oppbevare dei på vegne av nokon som grunna alder ikkje sjølv kan erverve og ha skytevåpen.
Politiet kan gje løyve etter første ledd for rifler, kombinasjonsvåpen eller haglevåpen med enkeltskot eller manuell omlading, halvautomatiske haglevåpen, pistolar og revolverar. Løyvet skal vere avgrensa til våpentypar som lovleg kan brukast til det føremålet som grunngjev ervervet.
Politiet kan gje løyve etter første ledd når både den som ervervar skytevåpen og våpendelar og den som skal bruke skytevåpen og våpendelar oppfyller krava til personlege eigenskapar etter kapittel 7 i denne forskrifta og våpenlova § 16. Den som skal erverve og ha skytevåpen på vegne av andre må i tillegg oppfylle krava til alder etter våpenlova § 15 og dokumentere tilstrekkeleg våpendugleik, men treng ikkje oppfylle kravet til behov som er gjeve i eller i medhald av våpenlova kapittel 4.
For at politiet skal kunne gje løyve etter første ledd for rifle, kombinasjonsvåpen eller haglevåpen må den som skal bruke skytevåpenet og våpendelen vere under 16 år, og oppfylle krava for erverv av skytevåpenet til sportsskyting etter § 4-7, eller vere registrert i Jegerregisteret og oppfylle krava for opplæringsjakt i viltlovgjevinga.
For at politiet skal kunne kan gje løyve etter første ledd for pistol eller revolver må den som skal bruke skytevåpenet og våpendelen vere mellom 12 og 21 år, og oppfylle krava for erverv av skytevåpenet til sportsskyting etter § 4-6. Om den som skal bruke skytevåpenet er under 18 år, kan politiet berre gje løyve til erverv av pistol eller revolver i kaliber.22 Long Rifle.
Politiet kan gje løyve etter første ledd for inntil to år av gangen. Ved søknad om å forlenge løyvet skal søkar dokumentere at vilkåra for løyvet framleis er oppfylte.
Overskrifta i § 4-6 skal lyde:
§ 4-6 . Krav til medlemskap, aktivitet og opplæring for erverv av pistolar eller revolver til sportsskyting
har gjennomført tryggingsopplæring arrangert av skyttarorganisasjonen,
Overskrifta i § 4-7 skal lyde:
§ 4-7 . Krav til medlemskap, aktivitet og opplæring for erverv av rifle eller haglevåpen til sportsskyting
II
Forskrifta tek til å gjelde 1. mai 2025. Personar som innehar løyve etter § 5-1 gjeve før 1. mai 2025, må ved forlenging av løyvet dokumentere våpendugleik.