Forskriftsendring
Nynorsk
Helse- og omsorgsdepartementet
Forskrift om endring i forskrift om betaling frå pasientar for poliklinisk helsehjelp i spesialisthelsetenesta
LTI/forskrift/2025-04-09-652·Kunngjort 11. april 2025·Journalnr. 2025-0383
I kraft fra: 2025-07-01
I
I forskrift 20. desember 2016 nr. 1848 om betaling frå pasientar for poliklinisk helsehjelp i spesialisthelsetenesta gjerast følgjande endring:
§ 8 første ledd skal lyde:
Ved behandling i poliklinikk innan somatikk kan pasienten verta kravd for 75 kroner som betaling for bandasjemateriell og/eller bedøvingsmiddel, men berre i lag med godkjent eigendel etter § 4 andre ledd. Betalinga kan berre verta kravd ein gong pr. konsultasjon. Det skal ikkje krevjast betaling frå born under 16 år.
II
Forskrifta trer i kraft 1. juli 2025.