Forskrift om endring i forskrift om bustøtte
I kraft fra: 2025-06-01
I
I forskrift 29. november 2012 nr. 1283 om bustøtte gjøres følgende endringer:
driftsutgifter med kr 14 732 per år
For dei som ikkje betalar for oppvarming heilt eller delvis gjennom husleige eller fellesutgifter, inngår i tillegg utgifter til oppvarming med kr 7 366 per år.
§ 3 skal lyde:
kr 89 029 i ein husstand med ein person kr 109 820 i ein husstand med to personar kr 121 599 i ein husstand med tre personar kr 133 380 i ein husstand med fire personar kr 145 159 i ein husstand med fem personar eller fleire.
kr 27 010 høgare i Oslo kr 18 416 høgare i Bergen, Trondheim, Tromsø, Stavanger og Bærum kr 12 278 høgare i Kristiansand, Lillestrøm, Frogn, Lørenskog, Nordre Follo, Asker, Nesodden, Sola og Sandnes.
Har husstanden særskilt høge buutgifter fordi nokon i husstanden er funksjonshemma og har behov for ein spesialtilpassa bustad, kan den øvre grensa for buutgiftene aukast med kr 5 525 per år.
§ 4 annet, tredje, fjerde og femte ledd skal lyde:
Minste eigendel er kr 25 752 per år for alle. For husstandar med ei omrekna inntekt over kr 133 200 blir 16,44 prosent av den omrekna inntekta som overstig kr 133 200 lagt til eigendelen.
For husstandar med ei omrekna inntekt over kr 237 672 blir enda 63,56 prosent av den omrekna inntekta som overstig kr 237 672 lagt til eigendelen.
Inntektsgrensa i tredje ledd er kr 286 623 for husstandar som har eit medlem som har varig uføretrygd eller uførepensjon ved yrkesskade, jf. lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd kapittel 12, og som i tillegg er ung ufør, jf. § 12-13 i lova.
Inntektsgrensa i andre ledd er kr 143 677 og inntektsgrensa i tredje ledd er kr 248 656 for husstandar som har eit medlem som er einsleg og har alderspensjon etter lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd kapittel 19 og 20.
§ 5 sjuende ledd skal lyde:
Kvar person i husstanden kan ha ei kapitalinntekt på 6 672 kroner per år utan at inntekta blir teke med i grunnlaget for bustøtte.
§ 6 annet og tredje punktum skal lyde:
Fribeløpet er kr 333 557 for husstandar i leigde bustadar. For andre husstandar er fribeløpet formuesverdien av eigen bustad inntil kr 700 468.
§ 13 første ledd annet punktum skal lyde:
Minste utbetaling er 61 kroner per månad.
§ 14 femte ledd første punktum skal lyde:
For lite utbetalt bustøtte skal ikkje etterbetalast dersom summen er lågare enn 61 kroner.
§ 17 annet ledd skal lyde:
Overgangsordninga etter første ledd gjeld ikkje dersom den omrekna inntekta til husstanden blir høgare enn den høgste av den øvre inntektsgrensa for å få bustøtte i juni 2009 og den til kvar tid gjeldande øvre inntektsgrense for å motta bustøtte. Overgangsordninga etter første ledd gjeld i alle høve ikkje dersom husstanden flyttar eller talet på medlemer i husstanden endrar seg.
II
Forskriften trer i kraft 1. juni 2025.