Hopp til innhold
Forskriftsendring
Nynorsk
Kunnskapsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om opptak til Høgskulen på Vestlandet

LTI/forskrift/2025-11-20-2990·Kunngjort 22. januar 2026·Journalnr. 2026-0066

I kraft fra: 2025-11-20

I

I forskrift 24. juni 2024 nr. 1858 om opptak til Høgskulen på Vestlandet skal følgande endringar gjerast:

§ 1-1 tredje ledd skal lyde:

(3) Lov 8. mars 2024 nr. 9 om universiteter og høyskoler (universitets- og høyskoleloven), forskrift 28. juni 2024 nr. 1392 til universitets- og høyskoleloven (universitets- og høyskoleforskriften), forskrift 6. januar 2017 nr. 13 om opptak til høgare utdanning, lov 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven) og andre forskrifter om rammeplanar og andre nasjonale avgjerder er overordna denne forskrifta og gjeld føre forskrifta ved eventuell motstrid.

§ 1-2 tolvte ledd skal lyde:

(12) Betalingsstudium er når høgskulen krev eigenbetaling frå studentar, jf. forskrift til universitets- og høyskoleloven § 4-6.

§ 2-1 tredje ledd skal lyde:

(3) Krava til norskkunnskapar gjeld ikkje for søkjarar som skal takast opp til engelskspråklege studieprogram, og studentar som deltek i internasjonale utvekslingsprogram, jf. forskrift om opptak til høgare utdanning § 2-2 sjuande ledd.

§ 2-1 femte ledd skal lyde:

(5) Styret kan i studieplan eller emneplan fastsetje spesielle opptakskrav til studium som ikkje vert omfatta av forskrift om opptak til høgare utdanning.

§ 2-3 første ledd skal lyde:

(1) For opptak til mastergrad gjeld forskrift til universitets- og høyskoleloven § 2-5, § 2-6 og § 2-7 og eventuelle nasjonale rammeplanar eller retningslinjer.

§ 2-3 andre ledd skal lyde:

(2) Spesifikke krav til fagleg grunnlag og faglege minstekrav for den enkelte utdanninga vert fastsett av styret i studieplanen, jf. forskrift til universitets- og høyskoleloven § 2-5, § 2-6 og § 2-7.

§ 2-4 første ledd skal lyde:

(1) For opptak til vidareutdanningar utan nasjonale rammeplanar eller retningslinjer, gjeld dei opptakskrava som er fastsette i studieplanen eller emneplanen.

§ 2-5 første ledd skal lyde:

(1) For opptak til praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag gjeld minstekrav for opptak bestemt i forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning, i tillegg til krav som går fram av studieplanen.

§ 2-5 andre ledd skal lyde:

(2) For opptak til praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag gjeld minstekrav for opptak bestemt i forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag for trinn 8-13, i tillegg til krav som går fram av studieplanen.

§ 2-5 femte ledd skal lyde:

ein mastergrad og minst eitt relevant fag, i eller i tillegg til graden, som gir kompetanse til å undervise, jf. forskrift 3. juni 2024 nr. 900 om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa kapittel 12 eller ein bachelorgrad og minst eitt relevant fag, i eller i tillegg til graden, som gir kompetanse til å undervise, jf. forskrift 3. juni 2024 nr. 900 om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa kapittel 12, og minst to års relevant arbeidserfaring frå grunnskulen eller den vidaregåande skulen, eller ein bachelorgrad i utøvande eller skapande kunstfag i finansieringskategori A eller B, med minimum 180 studiepoeng i kunstfaget, eller ein bachelorgrad med inntil tre fag som gir kompetanse til å undervise i praktiske og/eller estetiske fag i grunnskulen. Eitt av faga kan bli erstatta av drama/teaterfag. Det må inngå fordjuping på minst 120 studiepoeng i eitt fag. Andre fag må ha eit omfang på minst 30 studiepoeng. Det stilles krav om gjennomsnittskarakter C eller betre frå bachelorgraden, eller ein bachelorgrad i teiknspråk og tolking (døvetolkutdanning), med minst 80 studiepoeng i teiknspråk. Det stilles krav om gjennomsnittskarakter C eller betre frå bachelorgraden.

§ 2-5 sjette ledd skal lyde:

(6) Søkjarar som har bachelor grad og arbeidserfaring etter femte ledd, punkt b, eller ein bachelorgrad i praktiske og estetiske fag etter femte ledd, punkt d, kan kvalifisere til opptak til praktisk-pedagogisk utdanning for siste gang til studium med oppstart våren 2030.

§ 2-10 første ledd skal lyde:

(1) Før ein søkjar får vurdert om han eller ho tilfredsstiller opptaksgrunnlaget, må fakultetet bestemme om det skal opnast for søknader om overflytting på den aktuelle utdanninga, jf. § 7-6 fjerde ledd.

§ 2-10 andre ledd skal lyde:

Søkjaren oppfyller dei faglege vilkåra for opptak til studieprogrammet. Søkjaren har tilsvarande fagleg progresjon som det kullet det vert søkt om opptak til. Søkjaren må normalt ha meir enn eitt semester att for å fullføre utdanninga som skal gjennomførast på studieprogrammet studenten søkjer om overflytting til, sjå tilknytingskravet i universitets- og høyskoleloven § 11-12. Søkjaren må på søknadstidspunktet ha aktiv studierett eller gyldig permisjon ved Høgskulen på Vestlandet eller annan lærestad som er omfatta av universitets- og høyskoleloven. Fakulteta kan opne for søkjarar utan studierett som fyller dei andre kriteria for overflyttingsopptak.

§ 2-11 første ledd skal lyde:

(1) For å få opptak til enkeltemne, må søkjaren dekka opptakskrava til utdanninga som emnet inngår i. Eventuelle krav om fagleg forkunnskap for emnet må òg dekkast, jf. forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet § 11-3.

§ 4-3 femte ledd skal lyde:

(5) Utvekslingsopphald på 30 studiepoeng eller meir vert tatt med i rangeringsgrunnlaget der det er utarbeida omrekningstabellar av Direktoratet for høyere utdanning eller ved Høgskulen på Vestlandet. Omrekningstabellar frå høgskulen vert utarbeida av Enhet for studentopptak og fastsett av utdanningsutvalet.

§ 7-6 første ledd skal lyde:

(1) Hovudfristen for å melde inn studium for etterfølgjande år er 1. desember.

§ 7-7 skal lyde:

I studium der studentar kan komme i kontakt med mindreårige eller andre sårbare grupper som del av praksisstudium eller klinisk undervisning, er det krav om at studentar leverer politiattest ved opptak, jf. universitets- og høyskoleloven § 12-2 og forskrift til universitets- og høyskoleloven kapittel 6.

§ 7-8 tredje ledd skal lyde:

(3) Klage som gjeld opptak etter universitets- og høyskoleloven § 8-1 fjerde ledd og § 8-2, vert vurdert av nemnd for studentsaker Høgskulen på Vestlandet, jf. forskrift om opptak til høgare utdanning § 8-1 andre ledd.

§ 7-8 fjerde ledd skal lyde:

(4) Klage på enkeltvedtak i samband med opptak til studium som ikkje inngår i samordna opptak, vert vurdert av nemnd for studentsaker ved Høgskulen på Vestlandet, jf. universitets- og høyskoleloven § 14-1.

II

Forskrifta trer i kraft straks.