Hopp til innhold
Forskriftsendring
Nynorsk
Kunnskapsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om studium ved Universitetet i Bergen

LTI/forskrift/2025-11-27-2637·Kunngjort 17. desember 2025·Journalnr. 2025-1613

I kraft fra: 2025-12-17

I

I forskrift 15. juni 2023 nr. 1359 om studium ved Universitetet i Bergen gjerast følgjande endringar:

Heimelsfeltet skal lyde:

Fastsett av universitetsstyret ved Universitetet i Bergen 15. juni 2023 med heimel i lov 8. mars 2024 nr. 9 om universiteter og høyskoler (universitets- og høyskoleloven) §§ 10-6, 10-7, 11-1, 11-4, 11-6 og 11-7.

§ 2-1 andre avsnitt skal lyde:

(2) Studieplanar og emneskildringar skal vere i samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket som er fastset av departementet, med universitets- og høgskuleforskrifta (særleg kapitel 1) og med reglar og retningslinjer frå universitetet.

§ 4-5 fjerde avsnitt skal lyde:

(4) Nemnd for studentsaker kan vedta utestenging og dermed midlertidig tap av studieretten, jf. universitets- og høgskulelova §§ 12-4 og 12-5.

§ 7-2 fjerde avsnitt skal lyde:

(4) Alle eksamensarbeid kan supplerast med ein justerande munnleg, praktisk, utøvande og/eller skapande eksamen for alle eller eit utval av studentane. Justerande eksamen inneber at studenten blir prøvd etter at ein bestått førebels karakter er sett, med høve til å bli justert opp eller ned i karakter. Dersom det mellom den endelege karakteren i emnet og den førebelse karakteren i klagerunden er eit spenn på to karakterar eller meir, skal fakultetet kalle studenten inn til ny justerande munnleg eksamen.

Ny § 7-9 skal lyde:

reglane for gjennomføringa av aktiviteten eller eksamenen, og med akademiske forventingar.

(2) Handlingar som openbart ikkje er eigna til å gi studenten nokon fordel skal ikkje reknast som fusk.

manglande tilvisingar fiktive tilvisingar å presentere tekst som eige arbeid, når ein ikkje sjølv har laga den ikkje tillate samarbeid, hjelparar eller hjelpemiddel (inkludert KI-verktøy), jukselappar og liknande, handlingar som verkar inn på sensor eller fagperson si sensurering eller vurdering fabrikkering eller forfalsking av data falsk oppmøteregistrering å skaffe seg tilgang til eksamensoppgåva før eksamenen startar andre brot på reglane for aktiviteten eller eksamenen.

§ 8-4 første avsnitt skal lyde:

(1) Når det blir haldt kontinuasjonseksamen som inneber ny eksamensoppgåve for studentar med gyldig fråvær, jf. § 5-6 (2), kan alle studentar med avbrot eller ikkje bestått resultat frå førre vanlege eksamen melde seg opp. Fakultetet kan avgrense retten til å gjelde dei utan bestått resultat i emnet, og også gi andre studentar høve til å melde seg til kontinuasjonseksamen.

§ 9-3 skal lyde:

(1) Ved deleksamen tar ein utgangspunkt i talverdiane A=5, B=4, C=3, D=2, E=1. For kvar delkarakterar blir talet multiplisert med teljaren i vektingsbrøken. Produkta blir så summerte og delt på nemnaren (i vektingsbrøken). Dette blir så avrunda etter vanlege reglar.

(2) Fakultetet kan i emneskildringa vedta deleksamen med poeng. Deleksamen med poeng inneber at den endelege karakteren i emnet er basert på ein total poengsum mellom 0 og 100, og kvar eksamensdel har ein på førehand definert maksimal poengsum.

§ 9-5 skal lyde:

(1) Vanleg sensurfrist er femten verkedagar etter eksamenen blei avslutta, i samsvar med universitets- og høgskulelova § 11-7 (4). Studenten skal få melding om forseinkingar i sensuren og om vedtak om forlenga sensurfrist.

(2) Sensurfristen for masteroppgåver er to månader frå innleveringa. Sensurfristen for hovudoppgåva i medisinstudiet (MEDOPPG) og for hovudoppgåva for psykologiprogrammet (PROPSY317) er seks veker.

(3) Fakultetet sjølv kan i mellombels forskrift vedta forlenging av sensurfristen grunna sensormangel, jf. universitets- og høgskulelova § 11-7 (4). Universitetsdirektøren kan vedta slik forlenging dersom andre særlege grunnar gjer det nødvendig, jf. same føresegn.

(4) Klagesensur skal handsamast utan ugrunna opphald. På emne med mange sensurklagar har fakultetet høve til å vente med å sende eksamenssvara til klagesensorane til klagefristen har gått ut for å sikre lik handsaming av klagane. Klage på formelle feil som kan få følger for fleire eller alle sensurklagane skal reknast som grunna opphald.

§ 9-6 skal lyde:

(1) Studenten har rett til å få grunngiving for karakterfastsettinga jf. universitets- og høgskulelova § 11-8. Retten til grunngiving gjeld tilsvarande for klagesensur.

(2) Fristen for å be om grunngiving for sensuren er éi veke etter kunngjeringa. Studenten skal få grunngiving innan to veker frå tidspunktet hen ba om grunngiving. Fakultetet kan avgjere om grunngivinga skal vere skriftleg eller munnleg, og vedta ordningar for dette. For eksamensformene nemnde i § 7-5 må studenten be om grunngiving straks hen har fått karakteren.

§ 10-1 første avsnitt skal lyde:

(1) Universitetet tildeler dei gradene som går fram av universitets- og høgskuleforskrifta § 2-13, jf. vedlegg 1.

§ 10-2 første avsnitt skal lyde:

for bachelorgrader minst 90 nye studiepoeng med ny spesialisering, for integrerte mastergrader minst 120 nye studiepoeng, inkludert eit nytt masterprosjekt og for andre mastergrader minst nye 60 studiepoeng, inkludert eit nytt masterprosjekt.

§ 10-4 skal lyde:

(1) Universitetet i Bergen gir mastergrader med den normerte studietida og innhald som går fram i universitets- og høgskuleforskrifta §§ 2-6 til 2-11.

(2) Graden master kan berre tildelast studentar som har fullført eit masterprosjekt.

(3) Masterprosjektet skal vere eit sjølvstendig vitskapleg eller kunstnarisk arbeid på mellom 30 og 60 studiepoeng, utarbeidd under rettleiing. Fakultetet kan i emneskildringa vedta at to eller fleire studentar kan samarbeide om masterprosjektet.

(4) Integrerte masterprogram skal ha krav om examen philosophicum. Masterprosjektet i eit integrert masterprogram kan vere på 20 studiepoeng, jf. universitets- og høgskuleforskrifta § 2-8.

(5) Masterprosjektet er i utgangspunktet offentleg og ope for innsyn, med dei avgrensingar som følger av teieplikta (forvaltingslova § 13 med vidare), forskingsetiske omsyn og vedtak om klausulering. Fakultetet vedtar i første rekke om eit masterprosjekt er underlagt teieplikt, og etter grunngiven søknad om eit prosjekt skal underleggast tidsavgrensa klausulering på maksimalt fem år. Universitetet i Bergen skal ikkje inngå avtalar om hemmeleghald som avgrensar studentens rett til sensur.

II

Forskrift 25. oktober 2007 nr. 1851 om sensurfrist for mastergradsoppgaver mv. ved Universitetet i Bergen (UiB).

III

Endringane gjeld frå kunngjeringa i Lovdata.