Forskriftsendring
Nynorsk
Justis- og beredskapsdepartementet
Melding om oppheving av mellombels forskrift 14. august 2020 nr. 1641 om handtering av enkelte innsynskrav som blir fremja overfor kommisjonen som skal gå gjennom og trekkje lærdom frå styresmaktene si handtering av covid-19-utbrotet i Noreg (Koronakommisjonen)
LTI/forskrift/2025-12-02-2406·Kunngjort 3. desember 2025·Journalnr. 2025-1477
I kraft fra: 2022-04-26
Mellombels forskrift 14. august 2020 nr. 1641 om handtering av enkelte innsynskrav som blir fremja overfor kommisjonen som skal gå gjennom og trekkje lærdom frå styresmaktene si handtering av covid-19-utbrotet i Noreg (Koronakommisjonen), skal etter § 3 bli oppheva når Koronakommisjonen har avslutta arbeidet sitt. Kommisjonen leverte sin andre rapport 26. april 2022. Departementet er ikkje kjent med at det var fremja innsynskrav overfor kommisjonen som ikkje var handterte på dette tidspunktet. Forskrifta vart difor oppheva 26. april 2022.