Forskrift om endring i forskrift om betaling frå pasientar for poliklinisk helsehjelp i spesialisthelsetenesta
I kraft fra: 2026-01-01
I
I forskrift 20. desember 2016 nr. 1848 om betaling frå pasientar for poliklinisk helsehjelp i spesialisthelsetenesta gjerast følgjande endringar:
§ 4 andre ledd skal lyde:
Som betaling for poliklinisk helsehjelp som vert ytt av legar, psykologar, tannlegar, sjukepleiarar, jordmødrer, fysioterapeutar, ergoterapeutar, kliniske ernæringsfysiologar, audiografar, ortoptistar, optikarar, stråleterapeutar, sosionomar, vernepleiarar, pedagogar, barnevernspedagogar, logopedar, kliniske farmasøytar og helsefagarbeidarar kan pasienten krevjast for 443 kroner. Pasienten kan også krevjast for 443 kroner når personell på poliklinikk kartlegg genetiske eigenskapar og gjev genetisk rettleiing etter krava i bioteknologiloven. Ved psykiatrisk poliklinikk og ruspoliklinikk omfattar dette også poliklinisk helsehjelp ytt av personell med anna relevant høgskule- og universitetsutdanning.
§ 4 tredje ledd skal lyde:
Ein kan kreve 387 kroner i betaling frå pasienten for radiologisk undersøking, ultralydundersøking ved spesialavdeling, samt ved nukleærmedisinsk billedundersøking.
§ 7 første ledd skal lyde:
Om pasienten ikkje møter opp til avtala time, og let vera å melda frå tidlegare enn 24 timar føre timen, kan pasienten verta kravd for 1 993 kroner i fråværsgebyr.
§ 7 andre ledd skal lyde:
Om den avtala timen gjeld poliklinisk helsehjelp innan psykiatri eller rusbehandling, skal det ikkje krevjast høgare gebyr enn 443 kroner.
II
Forskrifta trer i kraft 1. januar 2026.