Hopp til innhold
Forskriftsendring
Nynorsk
Kunnskapsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om tilbakebetaling av utdanningslån

LTI/forskrift/2025-12-28-2898·Kunngjort 29. desember 2025·Journalnr. 2025-1850

I kraft fra: 2026-01-01

I

I forskrift 15. desember 2022 nr. 2259 om tilbakebetaling av utdanningslån blir det gjort følgjande endringar:

misleghalden gjeld som er permanent overført til Innkrevjingsmyndigheita

I § 14 skal overskrifta og første ledd lyde:

Avtalen om fast rente blir oppheva dersom gjelda blir overført permanent til Innkrevjingsmyndigheita.

§ 15 andre ledd andre punktum skal lyde:

Terminbeløpa blir fastsette på grunnlag av 20 års nedbetalingstid for lån over 318 000 kr.

§ 21 skal lyde:

Dersom låntakaren ikkje betaler innan fristen i den andre purringa, gjer Lånekassen vedtak om oppseiing av lånet, slik at heile gjelda forfell til betaling. Innkrevjingsmyndigheita tek over innkrevjinga.

Det blir rekna renter etter forseinkingsrentelova av hovudstolen og kapitaliserte renter frå oppseiingsdatoen.

Oppseiinga blir oppheva dersom låntakaren betaler eller får betalingsutsetjing for det forfalne beløpet. Når oppseiinga blir oppheva, trekkjer Lånekassen saka tilbake frå Innkrevjingsmyndigheita, og låntakaren får igjen rekningar frå Lånekassen. Forseinkingsrentene vil inngå i den ordinære nedbetalinga av gjelda i Lånekassen.

§ 22 skal lyde:

Dersom låntakaren ikkje betaler heile det ubetalte terminbeløpet, kan Innkrevjingsmyndigheita og låntakaren inngå betalingsavtale for det forfalne beløpet.

§ 23 første ledd skal lyde:

Krav om tilbakebetaling av utdanningsgjeld er tvangsgrunnlag for utlegg. Innkrevjingsmyndigheita krev inn gjelda etter innkrevjingslova.

§ 24 første og andre punktum skal lyde:

Dersom låntakaren er busett i utlandet, kan Innkrevjingsmyndigheita krevje inn gjelda der låntakaren bur. Innkrevjingsmyndigheita kan bruke inkassobyrå, advokat eller rettsapparatet.

§ 26 skal lyde:

Gjelda til låntakaren kan bli permanent overført til Innkrevjingsmyndigheita når ho har vore oppsagd i 3 år.

Ei permanent overføring av gjelda til Innkrevjingsmyndigheita fører til tap av rettar etter denne forskrifta og etter forskrifta om utdanningsstøtte.

§ 27 skal lyde:

Låntakaren har ei frivillig eller tvungen betalingsordning. Låntakaren har betalt inn eit beløp tilsvarande minst 6 terminbeløp dei siste 12 månadene. Låntakaren sannsynleggjer at den noverande situasjonen gir rett til betalingsutsetjing, sletting av renter eller sletting av gjeld. Det finst særlege grunnar til ikkje å overføre gjelda.

Krav om unntak skal vere grunngitt og sett fram innan den fristen som er oppgitt i varselet om permanent overføring av gjelda til Innkrevjingsmyndigheita. Krav om unntak som kjem etter at gjelda er permanent overført, blir ikkje behandla.

Overskrifta til kapittel 6 skal lyde:

§ 28 opphevast.

§ 29 skal lyde:

Låntakarar med økonomiske vanskar kan søkje om gjeldsordning etter gjeldsordningslova. Søknaden skal rettast til Innkrevjingsmyndigheita.

§§ 31 og 32 opphevast.

§ 36 skal lyde:

Ein låntakar som har hatt ei brutto person- og kapitalinntekt per år som er under ei grense i tabellen nedanfor, kan få sletta rentene for så mange månader som er knytte til inntektsgrensa i tabellen, dersom minst eitt av vilkåra i § 38 eller § 39 var oppfylt desse månadene. Tal på månader med rett til sletting av renter Brutto person- og kapitalinntekt per år 2023 2024 2025 2026 1 384 921 kr 403 782 kr 421 952 kr 438 830 kr 2 378 566 kr 397 116 kr 414 986 kr 431 585 kr 3 372 209 kr 390 447 kr 408 017 kr 424 338 kr 4 365 850 kr 383 777 kr 401 047 kr 417 089 kr 5 359 494 kr 377 109 kr 394 079 kr 409 842 kr 6 353 135 kr 370 439 kr 387 109 kr 402 593 kr 7 346 780 kr 363 772 kr 380 142 kr 395 348 kr 8 340 423 kr 357 104 kr 373 174 kr 388 101 kr 9 334 064 kr 350 433 kr 366 202 kr 380 850 kr 10 327 707 kr 343 765 kr 359 234 kr 373 603 kr 11 321 348 kr 337 094 kr 352 263 kr 366 354 kr 12 314 993 kr 330 428 kr 345 297 kr 359 109 kr

Inntektsgrensene i tabellen blir heva med eit fast beløp for kvart barn som låntakaren har forsørgd, til og med det året barnet fyller 16 år. For 2026 blir inntektsgrensa heva med 19 458 kr for kvart barn. For 2025 blir inntektsgrensa heva med 18 710 kr for kvart barn. For 2024 blir inntektsgrensa heva med 17 904 kr for kvart barn. For 2023 blir inntektsgrensa heva med 17 068 kr for kvart barn.

Avkasting av formuen til barn av låntakaren dersom formuen blir forvalta av statsforvaltaren, blir ikkje rekna med.

§ 37 første ledd andre punktum, tabell og andre ledd skal lyde:

Den samla brutto person- og kapitalinntekta per år for låntakaren og ektefellen, partnaren eller sambuaren med felles barn skal ha vore under grensene i tabellen nedanfor. Samla brutto person- og kapitalinntekt per år Talet på barn 2023 2024 2025 2026 0 630 103 660 978 690 722 718 351 1 664 265 696 814 728 171 757 298 2 698 427 732 650 765 620 796 245 3 732 589 768 486 803 069 835 192 4 eller fleire 766 751 804 322 840 518 874 139

Inntektsgrensene i tabellen blir heva med eit fast beløp per år for kvart barn som låntakaren har forsørgd, til og med det året barnet fyller 16 år. For 2026 blir inntektsgrensa heva med 38 947 kr for kvart barn. For 2025 blir inntektsgrensa heva med 37 449 kr for kvart barn. For 2024 blir inntektsgrensa heva med 35 836 kr for kvart barn. For 2023 blir inntektsgrensa heva med 34 162 kr for kvart barn.

§ 38 første ledd første punktum og bokstav f og g skal lyde:

Fulltidsarbeid med låg brutto inntekt Låntakaren hadde i minst 12 månader i strekk fulltidsarbeid og samtidig låg gjennomsnittleg brutto månadsinntekt. Inntektsgrensa for 2026 er 21 306 kr, for 2025 20 487 kr, for 2024 19 605 kr og for 2023 18 689 kr. Låntakaren kan få sletta renter for opp til 36 månader til saman. Frivillig ulønt arbeid gir ikkje rett til sletting av renter. Soning Låntakaren sona i fengsel eller sikringsanstalt i minst 12 månader i strekk og hadde samtidig låg gjennomsnittleg brutto månadsinntekt. Inntektsgrensa for 2026 er 21 306 kr, for 2025 20 487 kr, for 2024 19 605 kr og for 2023 18 689 kr.

§ 42 første ledd skal lyde:

I 2026 er det mogleg å søkje om sletting av renter for perioden frå og med 1. januar 2023. Krav om sletting av renter som gjeld forhold før 1. januar 2023, vil ikkje bli behandla. Det kan gjerast unntak frå søknadsfristen i særlege tilfelle.

Overskrifta til kapittel 9 skal lyde:

§ 43 skal lyde:

Låntakarar kan frå 1. januar 2026 få sletta inntil 60 000 kr per år av utdanningsgjelda ved avslutta utdanning dersom dei har vore busette og yrkesaktive i innsatssona i Finnmark og Nord-Troms i ein oppteningsperiode på 12 månader. Berre gjeld som er knytt til utdanning som er teken kan slettast. Gjeld som er urettmessig motteken skal ikkje slettast, jf. § 76 første ledd.

Innsatssona tyder her Finnmark og kommunane Lyngen, Storfjord, Kåfjord, Skjervøy, Nordreisa, Kvænangen og Karlsøy i Nord-Troms.

§ 44 skal lyde:

Troms: Gratangen og Ibestad Nordland: Rødøy, Nesna, Bø, Øksnes, Evenes, Vega, Flakstad, Moskenes og Andøy Trøndelag: Leka, Røyrvik, Høylandet og Lierne Møre og Romsdal: Aure.

Ordninga gjeld òg låntakarar som har hatt arbeid som lege i dei tidlegare kommunane Torsken og Berg i Troms, Tysfjord i Nordland og Fosnes i Trøndelag.

Frå 1. januar 2025 kan ikkje låntakarar begynne å tene opp rett til gjeldssletting etter føresegna.

Ny § 44a skal lyde:

Låntakarar kan få sletta inntil 25 000 kr per år av lånesummen ved avslutta utdanning dersom dei har vore busette i ein kommune i sone 5 og 6 i sentralitetsindeksen til SSB i ein oppteningsperiode på 12 månader. Låntakaren skal i tillegg ha vore yrkesaktive i same perioden. Berre gjeld som er knytt til utdanning som er teken kan slettast. Gjeld som er urettmessig motteken skal ikkje slettast, jf. § 76 første ledd.

Oppteningsperioden startar tidlegast frå og med 1. januar 2025.

Opptening og sletting etter denne føresegna kan ikkje kombinerast med opptening og sletting av gjeld etter § 43, § 44 eller § 50.

§ 45 skal lyde:

Berre renteberande lån inngår i gjelda som kan bli sletta etter dette kapittelet.

hadde omsorg for barn født i 2016 eller seinare eller hadde særleg tyngjande omsorgsplikter i den nærmaste familien hadde studiepermisjon med lønn eller stipend tilsvarande minst 50 prosent av full stilling. Sletting av gjeld etter § 43 og § 50 føreset at lønna blei betalt av ein arbeidsgivar i Finnmark og Nord-Troms. arbeidde frå heimekontor uavhengig av den geografiske plasseringa av arbeidsgivar si verksemd.

§ 46 nytt tredje ledd skal lyde:

I særlege tilfelle kan låntakarar som i ei kort tid har hatt arbeid ein annan stad under opptening av rett til sletting av gjeld etter § 43 og § 50, bli rekna som yrkesaktive.

§ 47 bokstav b blir nytt andre ledd og gjeldande bokstav c blir bokstav b.

§ 47 nytt andre ledd skal lyde:

Låntakaren blir ikkje rekna som yrkesaktiv etter § 43 eller § 50 dersom låntakaren var meir enn 50 prosent yrkesaktiv utanfor Finnmark og Nord-Troms og samstundes hadde omsorg for barn født i 2016 eller seinare eller hadde særleg tyngjande omsorgsplikter i den nærmaste familien.

§ 48 skal lyde:

Låntakaren blir rekna som busett i oppteningsperioden berre dersom låntakaren gjennom oppteningsperioden hadde både faktisk og folkeregistrert bustad i ein utvald kommune.

Lånekassen kan i særlege tilfelle slette gjeld dersom låntakaren ikkje hadde folkeregistrert adresse i ein utvald kommune i heile oppteningsperioden, men var faktisk busett på staden.

Dersom det skjer endringar i kva for kommunar som er omfatta av § 44a etter at låntakaren har byrja ein oppteningsperiode, kan låntakaren framleis reknast som busett fram til den påbyrja oppteningsperioden er over.

§ 49 fjerde ledd opphevast.

§ 50 skal lyde:

Kvalifiserte lærarar i grunnskolen som har vore yrkesaktive i grunnskolen i innsatssona i Finnmark og Nord-Troms, kan få sletta inntil 20 000 kr ekstra per år av lånesummen ved avslutta utdanning. Gjeld blir sletta utan omsyn til bustad.

Med kvalifiserte lærarar i grunnskolen er meint dei som oppfyller kompetansekrava for tilsetting av undervisningspersonell i grunnskolen etter opplæringslova § 17-3 første ledd og tilhøyrande forskrift.

Låntakaren skal ha vore yrkesaktiv i undervisningsstilling i grunnskolen i 12 samanhengande månader.

Reglane i kapittelet her gjeld så langt dei passar.

§ 51 skal lyde:

Låntakarar som får sletta gjeld etter § 43, skal ikkje betale avdrag på lånet etter den første oppteningsperioden. Har låntakaren betalt avdrag på lånet etter den første oppteningsperioden, refunderer Lånekassen beløpet berre dersom låntakaren set fram krav om refusjon innan 3 år etter at avdraget er betalt.

Alle renter og gebyr skal betalast og blir ikkje sletta etter dette kapitlet.

§ 68 skal lyde:

Ein låntakar som har minst 50 prosent varig nedsett inntektsevne og får uføretrygd eller ei tilsvarande yting frå ei utanlandsk trygdeordning, kan ha rett til å få sletta gjelda heilt eller delvis dersom brutto person- og kapitalinntekt i 2026 er 595 960 kr eller lågare.

Kravet til varig nedsett inntektsevne er berre 40 prosent dersom låntakaren fekk arbeidsavklaringspengar heilt fram til vedtaket om uføretrygd.

Låntakaren har rett til å få sletta gjeld etter tabellen nedanfor. Tabell for 2026 over inntektsgrenser, ny gjeld og nytt terminbeløp etter sletting av gjeld Brutto person- og kapitalinntekt per år Ny gjeld Nytt terminbeløp 0–413 313 kr 0 kr 0 kr 413 314–458 838 kr 83 531 kr 892 kr 458 839–502 941 kr 97 413 kr 1 070 kr 502 942–549 481 kr 111 498 kr 1 262 kr 549 482–595 960 kr 125 381 kr 1 438 kr

Inntektsgrensene i tabellen blir heva med 19 458 kr per år for kvart barn som låntakaren forsørgjer, til og med det året barnet fyller 16 år. Avkasting av formuen til barn av låntakaren dersom formuen blir forvalta av statsforvaltaren, blir ikkje rekna med.

Søknaden om sletting av gjeld blir behandla etter vilkåra som gjeld i det året Lånekassen får søknaden. Dette gjeld også dersom vedtaket om uføretrygd er frå før søknadsåret.

Lånekassen hentar inn inntektsopplysningar frå Skatteetaten.

Overskrifta til del 4 skal lyde:

Overskrifta til kapittel 14 skal lyde:

§ 70 skal lyde:

Krav om tilbakebetaling av utdanningsgjeld som er permanent overført til Innkrevjingsmyndigheita, får lagt til renter etter forseinkingsrentelova.

Ei innbetaling dekkjer, i denne rekkefølgja: inkassokostnader, gebyr, renter og lån.

§§ 72, 73, 74 og 75 opphevast.

§ 71 skal lyde:

Innkrevjingsmyndigheita er kreditor for utdanningsgjeld som er permanent overført frå Lånekassen.

Krav om tilbakebetaling av utdanningsgjeld er tvangsgrunnlag for utlegg. Innkrevjingsmyndigheita krev inn gjelda etter innkrevjingslova.

II

Endringane trer i kraft 1. januar 2026.