Forskrift om endring i forskrift om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa
I kraft fra: 2026-08-01
I
I forskrift 3. juni 2024 nr. 900 om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringsforskrifta) blir denne endringa gjort:
§ 2-2 skal lyde:
I organiseringa av retten til gratis skolefritidsordning etter opplæringslova § 4-5 andre ledd, kan kommunen ikkje rekne om dei tolv timane til gjennomsnitt over lengre tid enn ei veke.
Retten til gratis skolefritidsordning etter opplæringslova § 4-5 andre ledd gjeld også dersom kommunen tilbyr skolefritidsordning i skoleferiane.
Kommunen skal gi foreldra tilbod om å fordele dei tolv timane på alle dagane kommunen til vanleg har eit tilbod om skolefritidsordning, så langt det er praktisk mogleg. Dette gjeld ikkje ved tilbod om skolefritidsordning i skoleferiane.
Kommunen kan krevje betaling for kost.
II
Forskrifta gjeld frå 1. august 2026, samtidig med at lov 13. februar 2026 nr. 6 om endringer i opplæringslova (rett til 12 timer gratis skolefritidsordning i uken for elever på 1. til 3. trinn) trer i kraft.