Forskrift om endring i forskrift om våpen, skytevåpen, våpendelar og ammunisjon (våpenforskrifta)
I kraft fra: 2026-05-27
I
I forskrift 7. mai 2021 nr. 1452 om våpen, skytevåpen, våpendelar og ammunisjon (våpenforskrifta) gjøres følgende endringer:
§ 4-4 skal lyde:
Politiet kan gje løyve til erverv og innehav av halvautomatiske riflemodellar som er godkjent til jakt etter § 4-1 til sportsskyting.
har gjennomført tryggingsopplæring som vert arrangert av skyttarorganisasjonen, har i minst to år vore medlem i skyttarorganisasjon som har eit godkjent skyteprogram for den omsøkte våpentypen, og dei siste to åra har gjennomført minst 10 organiserte treningar og minst 10 opne stemner arrangert av skyttarorganisasjonen.
har gjennomført tryggingsopplæring som vert arrangert av skyttarorganisasjonen, har i minst eitt år vore medlem i skyttarorganisasjon som har eit godkjent skyteprogram for rifler med manuell omlading og våpenmagasin med større patronkapasitet enn 10, og det siste året har gjennomført minst 10 organiserte treningar og minst fem opne stemner arrangert av skyttarorganisasjonen.
har gjennomført tryggingsopplæring som vert arrangert av skyttarorganisasjonen, har i minst eitt år vore medlem i skyttarorganisasjon som har eit godkjent skyteprogram for våpenmagasin med større patronkapasiteten enn 20, og det siste året har gjennomført 10 av skyttarorganisasjonen sine organiserte treningar eller konkurransar.
§ 8-7 andre ledd skal lyde:
Politiet kan godkjenne skyteprogram for halvautomatiske rifler som er godkjent til jakt etter § 4-1, samt for andre våpentypar med dei avgrensingar som følgjer av kapittel 3 i denne forskrifta og våpenlova § 5. Politiet kan berre godkjenne skyteprogram som inneber bruk av våpenmagasin som krev særskilt løyve etter § 2-5 dersom programmet forvaltast av ein internasjonal skyttarorganisasjon.
§ 2-5 første ledd skal lyde:
Den som vil erverve eller ha lause våpenmagasin til løyvepliktige skytevåpen med større patronkapasitet enn fem for haglevåpen, 10 for rifler eller 20 for pistolar, må ha løyve etter § 4-4 andre og tredje ledd, § 4-12 andre ledd, § 5-6, § 5-8 eller § 59 i denne forskrifta eller våpenlova § 10.
II
Forskriften trer i kraft straks.