Lov om iverksetjing av internasjonale, ikkje-militære tiltak i form av avbrot eller avgrensing av økonomisk eller anna samkvem med tredjestatar eller rørsler.
I kraft fra: 2001-04-27
§ 1 .
Kongen kan treffe dei føresegnene som er naudsynte for at Noreg kan slutte seg til internasjonale, ikkje-militære tiltak i form av avbrot eller avgrensing av økonomisk eller anna samkvem med tredjestatar eller rørsler.
§ 2 .
Føresegner som er gjevne i medhald av denne lova, gjeld med dei innskrenkingane som følgjer av folkeretten eller av avtale med framand stat.
§ 3 .
Den som forsettleg bryt eller medverkar til brot på føresegner som er gjevne i medhald av denne lova, kan straffast med bøter eller fengsel inntil tre år, eller begge delar. Den som aktlaust bryt eller medverkar til brot på føresegner som nemnt i første ledd, kan straffast med bøter eller fengsel inntil seks månader, eller begge delar.
§ 12 a i straffelova gjeld ikkje.
§ 4 .
Denne lova tek til å gjelde straks.