Hopp til innhold
Lovendring
Utdannings- og forskningsdepartementet

Lov om endringar i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova).

LTI/lov/2003-01-31-10·Kunngjort 31. januar 2003·Journalnr. 2002-1360

I kraft fra: 2003-01-31

Endrerlov/1998-07-17-61

I

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) blir det gjort følgjande endringar:

§ 2-1 sjette ledd blir oppheva.

Ny § 2-15 skal lyde:

Elevane har rett til gratis offentleg grunnskoleopplæring. Kommunen kan ikkje krevje at elevane eller foreldra dekkjer utgifter i samband med grunnskoleopplæringa, til dømes utgifter til undervisningsmateriell, transport i skoletida, leirskoleopphald, ekskursjonar eller andre turar som er ein del av grunnskoleopplæringa.

§ 13-1 første ledd skal lyde:

Kommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring og spesialpedagogisk hjelp etter denne lova for alle som er busette i kommunen. Ansvaret gjeld ikkje elevar og andre som fylkeskommunen har ansvaret for etter §§ 13-2 og 13-3 a.

II

Lova trer i kraft straks.