Lov om endringar i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova).
I kraft fra: 2004-01-01
I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) blir det gjort følgjande endringar:
I
§ 13-2 skal lyde:
Når det blir gjort vedtak om plassering i institusjon etter barnevernlova, er det den fylkeskommunen der den kommunen ligg som er ansvarleg for plasseringa, jf. barnevernlova § 8-4, som har ansvaret for å oppfylle retten til grunnskoleopplæring, spesialpedagogisk hjelp og vidaregåande opplæring i institusjonen etter lova her.
Ansvaret omfattar barn og unge i institusjonar i fylkeskommunen som den statlege regionale barnevernmyndigheita har ansvaret for etter barnevernlova § 5-1, og private og kommunale institusjonar som er godkjende etter barnevernlova § 5-8. Institusjonane skal sørgje for nødvendige lokale til opplæringa.
Departementet kan gi nærmare forskrifter eller pålegg i enkelttilfelle om ansvaret til fylkeskommunen.
§ 13-3a første ledd skal lyde:
Fylkeskommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring, spesialpedagogisk hjelp og vidaregåande opplæring etter lova her for pasientar i helseinstitusjonar som det regionale helseføretaket, oppretta etter helseføretakslova § 8, eig i fylkeskommunen. Helseføretaket skal sørgje for nødvendige lokale til opplæringa.
§ 15-2 fjerde ledd skal lyde:
Fylkeskommunen er klageinstans for enkeltvedtak i yrkesopplæringsnemnda.
II
Lova tek til å gjelde 1. januar 2004.