Hopp til innhold
Lovendring
Kultur- og kirkedepartementet

Lov om redaksjonell fridom i media

LTI/lov/2008-06-13-41·Kunngjort 13. juni 2008·Journalnr. 2008-0287

I kraft fra: Kongen fastset.

§ 1 . Føremål

Føremålet med lova er å sikre redaksjonell fridom i media.

§ 2 . Verkeområde

dagsaviser og andre periodiske publikasjonar som driv journalistisk produksjon og formidling av nyhende, aktualitetsstoff og samfunnsdebatt, kringkastarar, jf. kringkastingsloven § 1-1 tredje ledd og elektroniske massemedium som har tilsvarande føremål og funksjon som medium nemnde under nr. 1 og 2.

Lova gjeld ikkje medium som har som hovudføremål å drive med reklame eller marknadsføring, eller som hovudsakleg er retta mot medlemmer eller tilsette i bestemte organisasjonar, foreiningar eller selskap.

§ 3 . Plikt til å ha ein redaktør

Medium som nemnt i § 2 skal ha ein redaktør.

Med redaktør er i denne lova meint den som tek avgjerd om innhaldet i mediet eller om ein del av dette, anten han blir kalla redaktør, utgivar eller noko anna.

§ 4 . Redaksjonell fridom

Innanfor ramma av grunnsynet og føremålet til verksemda skal redaktøren leie den redaksjonelle verksemda og ta avgjerder i redaksjonelle spørsmål.

Eigaren av medieføretaket eller den som på eigaren sine vegner leier føretaket, kan ikkje instruere eller overprøve redaktøren i redaksjonelle spørsmål, og kan heller ikkje krevje å få gjere seg kjend med skrift, tekst eller bilete eller høyre eller sjå programmateriale før det blir gjort allment tilgjengeleg.

§ 5 . Høve til å fråvike lova

Regelen i § 4 kan ikkje fråvikast gjennom avtale eller anna rettsgrunnlag til ugunst for redaktøren.

§ 6 . Ikraftsetjing

Lova trer i kraft frå det tidspunkt Kongen fastset.