Hopp til innhold
Lovendring
Finansdepartementet

Lov om endring i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane

LTI/lov/2009-06-19-51·Kunngjort 19. juni 2009·Journalnr. 2009-0586

I kraft fra: 2009-06-19

Lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane.

I lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane gjer ein følgjande endring:

I

§ 28 skal lyde:

Gjer særlege grunnar at det kom til å verta særs urimeleg om heile eigedomsskatten vart innkravd, kan skatten setjast ned eller ettergjevast av formannskapet.

II

Endringa under I tek til å gjelde straks.