Hopp til innhold
Lovendring
Nærings- og fiskeridepartementet

Lov om endring i havressurslova

LTI/lov/2014-03-07-6·Kunngjort 7. mars 2014·Journalnr. 2014-0080

I kraft fra: Kongen bestemmer.

Lov 6. juni 2008 nr. 37 om forvaltning av viltlevande marine ressursar (havressurslova).

I

I lov 6. juni 2008 nr. 37 om forvaltning av viltlevande marine ressursar blir det gjort følgjande endring:

§ 22 andre ledd skal lyde:

Departementet kan i forskrift gjere unntak frå føresegnene i første ledd for bruk av landnot. Departementet kan også gjere unntak frå føresegnene i første ledd i særskilte tilfelle der det er nødvendig for å fremme kystkulturformål.

II

Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.