Lovendring
Kulturdepartementet
Lov om endringar i lov om trudomssamfunn og ymist anna og lov om tilskott til livssynssamfunn (endring i tilskottsreglane ved avviklinga av buplikta for prestane i Den norske kyrkja)
LTI/lov/2015-12-18-128·Kunngjort 18. desember 2015·Journalnr. 2015-1278
I kraft fra: 2016-01-01
Endrerlov/1969-06-13-25lov/1981-06-12-64
Lov 13. juni 1969 nr. 25 om trudomssamfunn og ymist anna. Lov 12. juni 1981 nr. 64 om tilskott til livssynssamfunn.
I
I lov 13. juni 1969 nr. 25 om trudomssamfunn og ymist anna skal § 19 første leddet nytt tredje punktum lyde:
Løyvingar som kjem som ei følgje av at tenestebustad- og bupliktordninga for prestane i Den norske kyrkja har falle bort, skal ikkje reknast med i tilskottsgrunnlaget etter første leddet.
II
I lov 12. juni 1981 nr. 64 om tilskott til livssynssamfunn skal § 2 nytt andre ledd lyde:
Løyvingar som kjem som ei følgje av at tenestebustad- og bupliktordninga for prestane i Den norske kyrkja har falle bort, skal ikkje reknast med i tilskottsgrunnlaget etter første leddet.
III
Lova gjeld frå 1. januar 2016.