Hopp til innhold
Lovendring
Finansdepartementet

Lov om endringar i lov om eigedomsskatt til kommunane

LTI/lov/2016-06-17-35·Kunngjort 17. juni 2016·Journalnr. 2016-0590

I kraft fra: 2016-06-17, 2017-01-01

Lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane.

I

I lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane blir det gjort følgjande endring:

Tittelen til lova skal lyde:

Lov om eigedomsskatt til kommunane (eigedomsskattelova)

II

I lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane blir det gjort følgjande endringar:

Fritidsbustader

§ 13 andre ledd skal lyde:

Ved første gongs utskriving på bustader og fritidsbustader som følgje av overgang til nytt utskrivingsalternativ skal skatten for slik eigedom vere kr 2 for kvart kr 1000 av takstverdet. Reglane i første leden andre punktum flg. gjeld tilsvarande.

Noverande andre ledd blir nytt tredje ledd.

III

Endringa under I tek til å gjelde straks.

Endringane under II tek til å gjelde frå 1. januar 2017.