Lovendring
Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Lov om endringar i bustøttelova (bustøtte til enkeltpersonar i bukollektiv)
LTI/lov/2016-10-21-82·Kunngjort 21. oktober 2016·Journalnr. 2016-1014
I kraft fra: Kongen fastset
EndrerBustøttelova
Lov 24. august 2012 nr. 64 om bustøtte (bustøttelova).
I
I lov 24. august 2012 nr. 64 om bustøtte skal § 5 lyde:
er godkjend som bustad er ein sjølvstendig bustad med eigen inngang har eige bad og toalett og gjev høve til matlaging, og gjev høve til kvile.
Personar som av helse- eller sosialfaglege årsaker bur i eit bufellesskap utan å høyre til same husstand, kan få bustøtte på individuelt grunnlag dersom kommunen godkjenner at bustaden er eigna. Kommunen kan i vurderinga av om bustaden er eigna gjere unntak frå kvalitetskravet i første ledd bokstav b. Kommunen kan også gjere unntak frå krava i bokstav c dersom funksjonane som er nemnde der, er del av bufellesskapet elles.
II
Lova gjeld frå den tida Kongen fastset.