Hopp til innhold
Lovendring
Kulturdepartementet

Lov om endringar i lov om trudomssamfunn og ymist anna og i lov om tilskott til livssynssamfunn (om statstilskott til Den norske kyrkja til pensjonspremie og eigenkapital)

LTI/lov/2016-12-20-124·Kunngjort 20. desember 2016·Journalnr. 2016-1341

I kraft fra: 2017-01-01

Lov 13. juni 1969 nr. 25 om trudomssamfunn og ymist anna. Lov 12. juni 1981 nr. 64 om tilskott til livssynssamfunn.

I

I lov 13. juni 1969 nr. 25 om trudomssamfunn og ymist anna skal § 19 første leddet tredje og nytt fjerde punktum lyde:

Løyvingar som kjem som ei følgje av at tenestebustad- og bupliktordninga for prestane har falle bort, skal ikkje reknast med i tilskottsgrunnlaget. Løyvingar til eigenkapital ved skipinga av rettssubjektet Den norske kyrkja og til den delen av kyrkja sin pensjonspremie som er knytt til pensjonsrettar som dei tilsette i Den norske kyrkja har opptent som tenestemenn i staten, skal heller ikkje reknast med i tilskottsgrunnlaget.

II

I lov 12. juni 1981 nr. 64 om tilskott til livssynssamfunn skal § 2 andre leddet lyde:

Løyvingar som kjem som ei følgje av at tenestebustad- og bupliktordninga for prestane har falle bort, skal ikkje reknast med i tilskottsgrunnlaget. Løyvingar til eigenkapital ved skipinga av rettssubjektet Den norske kyrkja og til den delen av kyrkja sin pensjonspremie som er knytt til pensjonsrettar som dei tilsette i Den norske kyrkja har opptent som tenestemenn i staten, skal heller ikkje reknast med i tilskottsgrunnlaget.

III

Lova gjeld frå 1. januar 2017.