Hopp til innhold
Lovendring
Barne- og familiedepartementet

Lov om endringer i barnelova (digital erklæring av farskap)

LTI/lov/2020-06-19-72·Kunngjort 19. juni 2020·Journalnr. 2020-0850

I kraft fra: Kongen bestemmer

Lov 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre (barnelova).

I

I lov 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre gjøres følgende endringer:

§ 4 andre ledd skal lyde:

jordmor eller lækjar ved svangerskapskontroll eller fødsel, folkeregistermyndigheita, tilskotsfuten, dommaren eller arbeids- og velferdsetaten, eller utsend utenrikstenestemann, dersom faren er i utlandet.

Farskap kan òg erklærast ved retur av skjema frå Arbeids- og velferdsdirektoratet, jf. § 11 andre ledd. Arbeids- og velferdsdirektoratet må sende skjema i rekommandert brev eller ved bruk av elektronisk kommunikasjon dersom det er nytta ein betryggande metode for å sikre at skjemaet er mottatt. Erklæringa gjeld berre når ho er gjeven av den som mora har gjeve opp som far, eller når mora skriftleg har godteke erklæringa. Ved digital erklæring må både mor og far identifisere seg elektronisk på ein sikker måte. Den digitale erklæringa er berre gyldig dersom barnet vert født i Noreg.

II

Lova gjeld frå den tid Kongen bestemmer.