Lovendring
Finansdepartementet
Lov om endring i eigedomsskattelova
LTI/lov/2020-06-23-101·Kunngjort 23. juni 2020·Journalnr. 2020-0923
I kraft fra: 2020-06-23, frå skatteåret 2021
EndrerEigedomsskattelova
Lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane (eigedomsskattelova).
I
I lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane gjer ein følgjande endring:
§ 14 fjerde ledd skal lyde:
Vert skatten for ein eigedom mindre enn kr. 300, skal det ikkje skrivast ut skatt.
II
Endringa under I tek til å gjelde straks med verknad frå skatteåret 2021.