Lov om endringar i krisesenterlova (tydeleggjering av det kommunale ansvaret og grunnlag for behandling av personopplysningar m.m.)
I kraft fra: Kongen bestemmer
Lov 19. juni 2009 nr. 44 om kommunale krisesentertilbod (krisesenterlova).
I
I lov 19. juni 2009 nr. 44 om kommunale krisesentertilbod blir det gjort følgjande endringar:
§ 2 andre og tredje ledd skal lyde: Tilbodet skal omfatte følgjande: eit krisesenter eller eit tilsvarande gratis, heilårs, heildøgns, trygt og mellombels butilbod eit gratis dagtilbod eit heilårs og heildøgns tilbod der personar nemnde i første ledd kan få råd og rettleiing per telefon oppfølging i reetableringsfasen i samarbeid med andre delar av tenesteapparatet, jf. § 4. Tilbodet skal gi brukarane støtte, rettleiing og hjelp til å ta kontakt med andre delar av tenesteapparatet.
Noverande § 2 tredje til sjette ledd blir fjerde til nytt sjuande ledd.
§ 3 første og andre ledd skal lyde: Kommunen skal sørgje for at tilbodet så langt råd er blir lagt til rette slik at det kjem dei individuelle behova til brukarane i møte. Er tilrettelegging ikkje mogleg, skal kommunen sørgje for likeverdige alternative krisesentertilbod for brukarar som ikkje kan nytte det vanlege tilbodet ved krisesenteret. Dei særskilde rettane til samiske brukarar skal varetakast i krisesentertilbodet.
Noverande § 3 andre og tredje ledd blir tredje og nytt fjerde ledd.
Nye §§ 5 a og 5 b skal lyde: § 5 a . Behandling av personopplysningar Organ som utfører oppgåver etter denne lova, kan behandle personopplysningar, også personopplysningar som nemnde i personvernforordningen artikkel 9 og 10, når det er nødvendig for å utføre oppgåver etter lova. Det same gjeld private som utfører oppgåver etter denne lova. Brukarar av krisesentertilbodet kan reservere seg mot vidarebehandling av opplysningar til bruk i til dømes statistikk, analysar og forsking. Departementet kan gi nærmare reglar i forskrift om behandling av personopplysningar, mellom anna om formålet med behandlinga, behandlaransvar, kva for personopplysningar som kan behandlast, utlevering, registerføring, tilgang til register og høvet til vidarebehandling. § 5 b . Tilgang til teiepliktige opplysningar frå Folkeregisteret Organ som utfører oppgåver etter denne lova, kan utan hinder av teieplikt innhente opplysningar frå Folkeregisteret som er nødvendige for å utføre oppgåver etter denne lova.
II
Lova gjeld frå den tida Kongen bestemmer. Kongen kan setje i kraft dei einskilde føresegnene til forskjellig tid. Departementet kan gi overgangsreglar.