Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 10. Krav til sikring av lagringsmedium for arkiv

Arkivforskrifta·Kapittel 1. Forvaltning av dokumentasjon som arkiv

Krav til sikring av lagringsmedium for arkiv

Lagringsmedium for arkiv skal oppbevarast slik at dei alltid er verna mot a) vatn og fukt b) brann, spreiing av brann og skadeleg varme c) skadeleg klima- og miljøpåverknad som mugg, skadedyr og liknande d) skadeverk, innbrot og ikkje-autorisert tilgang. For analoge arkiv som skal takast vare på for ettertida, gjeld i tillegg desse krava: a) Lysnivå, temperaturar og verdiar for luftfukt i lokalet skal vere såleis tilpassa at lagringsmedium og dokumentasjon held seg best mogleg. b) Lokalet skal ikkje ha vindauge dersom det kan setje tryggleiken til arkiva i fare. c) Lokalet skal vere særleg utrusta for å hindre at brann oppstår og spreier seg der inne, og for å hindre at brann på utsida spreier seg til lokalet. d) Arkiva skal plasserast på reolar, minimum 10 cm frå golv og yttervegg. e) Golv og reolar skal vere laga for å tole vekta av arkiva. f) Lokalet skal ha fast tilsyn og reinhald. Det skal setjast i verk tiltak med det same dersom det oppstår risiko for at arkiv kan bli skadde. Oppståtte skadar på arkiv skal utbetrast så langt det er mogleg.

Arkiv skal oppbevares trygt og beskyttes mot vann, brann, skadedyr og uvedkommende. For fysiske arkiv er det strenge krav til lys, temperatur, reoler og lokalenes utforming. Skader skal utbedres, og tiltak skal settes inn umiddelbart ved risiko for skade.AI

Les hele forskriften i sammenheng →