Forskrift
Nynorsk
§ 29. Krav til uttrekk av strukturert informasjon frå databasar
Krav til uttrekk av strukturert informasjon frå databasar
Uttrekk av strukturert informasjon frå databasane til statlege organ skal bestå av ei eller fleire datafiler i eit av følgjande filformat:
a) Comma-separated-values (CSV), som spesifisert i IETF RFC 4180
b) Extensible Markup Language (XML) versjon 1.0
c) Java Script Object Notation (JSON), som spesifisert i ISO/IEC 21778
d) Software Independent Archiving of Relational Databases (SIARD) versjon 2.1.1 eller 2.2.
Eit organ kan avtale med Nasjonalarkivet å bruke andre filformat enn dei som er nemnde i første ledd.
Dokumentasjon som er lagra som Large Objects (LOBs) i databasar, skal eksporterast som separate datafiler i uttrekket.
Statlige organer må levere strukturert informasjon fra databaser til Nasjonalarkivet i bestemte filformater. Det er mulig å avtale andre formater, og dokumenter lagret som store objekter skal eksporteres som egne filer.AI