Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 40. Tilgang for allmenta til avleverte eller overførte arkiv

Arkivforskrifta·Kapittel 7. Tilgjengeleggjering av arkiv som er avleverte eller overførte til langtidsbevaring

Tilgang for allmenta til avleverte eller overførte arkiv

Nasjonalarkivet, fylkeskommunale og kommunale bevaringsinstitusjonar og dei som tek vare på arkiv etter arkivlova § 14 sjette ledd, avgjer korleis arkiv skal gjerast tilgjengelege for allmenta utover det som følgjer av innsynsretten etter offentleglova, forvaltningsloven eller anna lov. Som ledd i arbeidet med å gjere arkiv tilgjengelege for forsking og innsyn kan dei som er nemnde i første ledd, samanstille personopplysningar frå fleire kjelder og lagre samanstillingane for seinare bruk når formålet med arkivlova gjer det naudsynt. Allmenta kan bli nekta tilgang til a) arkiv som ikkje er klargjorde for bruk b) arkiv som er i så dårleg stand at dei bør skjermast for hyppig bruk c) arkiv som er i ferd med å bli klargjorde for digital tilgang. Analoge arkiv skal berre vere tilgjengelege under tilsyn.

Arkivinstitusjoner bestemmer hvordan arkiver skal være tilgjengelige for publikum. De kan samle personopplysninger fra ulike kilder for å legge til rette for forskning. Tilgang kan nektes hvis arkivene er i dårlig stand, ikke er klargjorte, eller skal digitaliseres.AI

Se ogsåArkivlova § 14

Sammenheng

Se også1

Koblinger for § 40 i arkivforskrifta.

Les hele forskriften i sammenheng →