Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 28. Arrestordrar som gjeld ettersøkte som tidlegare er overleverte eller utleverte til Noreg

Arrestordreloven·Kapittel 6. Fellesreglar for nordisk-europeiske og nordiske arrestordrar·Sist endret 1. januar 2020

Arrestordrar som gjeld ettersøkte som tidlegare er overleverte eller utleverte til Noreg

Den som er overlevert til Noreg på grunnlag av ein nordisk arrestordre, kan overleverast vidare til ein annan nordisk stat på grunn av ein nordisk arrestordre som gjeld eit straffbart forhold vedkomande har gjort forut for overleveringa til Noreg. Overlevering vidare til ein medlemsstat i Den europeiske unionen utanfor Norden kan skje i tilfelle som nemnde i andre ledd bokstav a, c, d og e. Den som er overlevert til Noreg på grunnlag av ein nordisk-europeisk arrestordre, skal ikkje overleverast vidare til ein annan medlemsstat i Den europeiske unionen eller Island for eit forhold gjort forut for overleveringa. Overlevering vidare for forhold som nemnt kan likevel skje dersom a) den ettersøkte i retten skriftleg samtykkjer i overlevering vidare eller i strafforfølging for forholdet b) den ettersøkte samtykte i å bli overlevert til Noreg og i den samanhengen også samtykte i å bli strafforfølgd eller få fullbyrda straff mot seg for forhold gjorde forut for overleveringa c) den ettersøkte har unnlate å forlate riket, trass i at han i 45 dagar uhindra har kunna forlate det d) den ettersøkte frivillig er vend tilbake til riket etter først å ha forlate det, eller e) den staten som overleverte den ettersøkte til Noreg, samtykkjer i overlevering vidare. Kan overlevering vidare ikkje skje utan samtykke frå den staten som tidlegare har overlevert vedkomande, jf. andre ledd bokstav e, skal påtalemakta sørgje for at det blir sendt ei oppmoding til vedkomande stat om samtykke til overleveringa. Oppmodinga skal utformast i samsvar med § 32 og skal sendast kompetent myndigheit i den staten som overleverte vedkomande. Overlevering vidare skal ikkje skje i strid med særlege vilkår sette for overleveringa. Dersom den ettersøkte er utlevert til Noreg frå ein stat utanfor Norden og Den europeiske unionen, skal vedkomande ikkje overleverast i strid med dei vilkåra som er sette for utleveringa. Dersom overlevering vidare krev samtykke frå den staten vedkomande er utlevert frå, skal kompetent myndigheit sørgje for at det straks blir sendt ei oppmoding om slikt samtykke.
Noter (1)
  • EndringEndra med lov 21 juni 2019 nr. 51 (ikr. 1 jan 2020 iflg. res. 22 nov 2019 nr. 1549).

Se ogsåArrestordreloven § 32

Sammenheng

Se også1

Koblinger for § 28 i arrestordreloven.

Les hele loven i sammenheng →