Lov
Nynorsk
§ 6. Krav til straffetrusselen eller pådømd straff
Arrestordreloven·Kapittel 2. Vilkår for overlevering frå Noreg på grunnlag av ein nordisk-europeisk arrestordre
Krav til straffetrusselen eller pådømd straff
Overlevering av personar til ein medlemsstat i Den europeiske unionen på grunnlag av ein nordisk-europeisk arrestordre skjer etter reglane i loven her for
a) straffeforfølging for forhold som kan medføre fridomsstraff eller ein annan fridomsrøvande reaksjon i 1 år eller meir i den staten som har ferda ut arrestordren
b) fullbyrding av pådømd fridomsstraff eller annan fridomsrøvande reaksjon på minst fire månader.
Overlevering for fleire straffbare forhold kan skje sjølv om vilkåra i første ledd berre er oppfylte for eitt av forholda, under føresetnad om at dei andre forholda er straffbare etter norsk lov.
Reglene bestemmer når en person kan utleveres til et EU-land etter en arrestordre. Dette gjelder dersom saken kan føre til fengsel i ett år eller mer, eller hvis det er snakk om en dom på minst fire måneder.AI