Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 29 b. Kven som kan vere part i slektskapssak

Barnelova·Kapittel 4A. Rettargang i andre slektskapssaker enn farskapssaker.·Sist endret 1. januar 2014

Kven som kan vere part i slektskapssak

Berre dei som det er påstått er i slekt, kan reise slektskapssak seg imellom. Saka må reisast mot den eller dei som er påstått nærast i slekt. For å vareta offentlege interesser har Arbeids- og velferdsetaten rett til å møte i ei slektskapssak og til å anke eller krevje gjenopning av saka. Retten skal gje melding til Arbeids- og velferdsetaten om saka og om nokon av partane ikkje møter. Når det er naudsynt for å oppfylle pliktene etter § 5 tredje stykket, kan Arbeids- og velferdsdirektoratet reise sak om kven som er mor til barnet. Dersom nokon som påstår å vere lengre ute i slekt har reist sak, har livsarvingane etter ein slektning som ikkje lenger er i live, rett til å gå inn i saka og til å anke eller krevje gjenopning av saka. Døyr ein part før dom er sagt, kan dei næraste slektningane i rett opp- eller nedstigande line til den avlidne halde fram med saka. Døyr ein part etter at dom er sagt, kan dei som er nemnde i første punktum, dødsbuet eller arvingar om dommen rører ved interessene deira, anke eller krevje at saka vert gjenopna.
Noter (1)
  • EndringFøyd til med lov 17 juni 2005 nr. 90 (ikr. 1 jan 2008 iflg. res. 26 jan 2007 nr. 88) som endra med lov 26 jan 2007 nr. 3, endra med lov 21 juni 2013 nr. 64 (ikr. 1 jan 2014 iflg. res. 21 juni 2013 nr. 703).

Se ogsåBarnelova § 5

Sammenheng

Se også1

Koblinger for § 29 b i barnelova.

Les hele loven i sammenheng →